NRK Meny
Normal

Nedleggingstruga skule har Norges einaste VM-deltakar

Gullsmedutdanninga i Valle står i fare for å bli lagt ned. Men Norges einaste VM-deltakar i gullsmedyrket går på skulen. – Paradoksalt, seier ordføraren.

Thomas Urang Andersson

Thomas Urang Andersson i aksjon under NM for gullsmedar. I august skal han delta i VM.

Foto: Norges Gullsmedforbund

I august vert VM i yrkesfag arrangert i Brasil. I gullsmedfaget har Norge med ein deltakar. Han heiter Thomas Urang Andersson og er elev i Valle.

Tarald Myrum

Valle-ordførar Tarald Myrum.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Det er rimeleg paradoksalt at fylkesrådmannen vil legge ned skulen samstundes som vi har ein VM-deltakar, seier ordførar i Valle, Tarald Myrum til NRK.

Fredag vart det klart at fylkesrådmannen held fast ved at den vidaregåande skuleavdelinga i Valle skal leggast ned.

Ei av årsakene er låge søkartal. Det har også blitt stilt spørsmål ved kvaliteten på utdanninga.

– Alle kan ikkje komme på same nivå, men vi har dyktige lærarar og elevar, seier Urang Andersson.

– Nasjonalt ansvar

Tidlegare i vinter vart han nummer to i gullsmed-NM, kun slegen av ein tidlegare elev ved skulen.

– Det har blitt framstilt slik at det er dårleg kvalitet på elevar og lærarar. Det er i alle fall tilbakevist, seier ordføraren.

Det fins berre tre skular med gullsmedutdanning i landet i dag. I Oslo, Valle og ein privatskule i Fredrikstad.

Gullsmedforbundet fryktar for rekruttering til yrket dersom skulen vert lagt ned. Ragnvald Nore i Norges Gullsmedforbund meiner at Aust-Agder fylkeskommune må sjå utover fylkesgrensa.

– Politikarane må tenke nasjonalt. Dersom politikarane kun skal tenke på eigne innbyggarar i Aust-Agder er det kanskje ikkje så mange. Men dei har eit nasjonalt ansvar med elevar frå heile landet, seier han.

– Vår bekymring er rekruttering. Vi treng utdanna gullsmedar i Norge. Fleire av elevane i Valle er heilt i teten i handtverket, seier Nore.

Videregående skole i Valle

Den vidaregåande skulen i Valle kan bli lagt ned.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Vil sikre betre samarbeid

Valle kommune har no analysert utdanninga og ser føre seg ei rekkje tiltak. Mellom anna betre marknadsføring og meir samarbeid med lokalt næringsliv.

Det har også vore problematisk å få vikarlærar til Valle. Også det kan dei ha funne løysinga på.

– Vi vil etablere ei ressursgruppe som skal sikre nærare samarbeid. Mange bedrifter har eit veldig bra kontaktnett og kan hjelpe til med lærlingeplassar og vikarar, seier Myrum.

– Det er eit gammalt handtverkyrke. Mange set pris på å få spesiallaga smykker. I dei fleste smykkebutikkane er det masseproduserte varer. Det er viktig å bevare gamle tradisjonar, seier Urang Andersson.