Hopp til innhold

Dette fekk Vipers-spelarane til å måpe: – Eit sjukt tal

Få kan matche medaljefangsten til spelarane og trenaren i Vipers Kristiansand.

– Det var eit sjukt tal. Eg visste det var mange medaljar, men at det var så mange visste eg ikkje, seier Vipers-spelar Marta Tomac i mektige Arena Stožice i Ljubljana.

– Det er ein god gjeng eg trenar med. Alle saman er heilt vanvitig gode. Det er mange å sjå opp til og lære av, seier Vipers-talentet Tuva Høve (21), som førebels har ein medalje på seniornivå.

Marta Tomac, Vipers Kristiansand

Marta Tomac er overraska over kor mange medaljar spelarane i Vipers har sanka gjennom åra.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Trur det er endå fleire medaljar

Vipers er i Slovenia der dei møter Krim i kvartfinalen i meisterligaen søndag.

I den forbindelse gjorde NRK eit tappert forsøk på å telje opp kor mange medaljar spelarane og trenar Ole Gustav Gjekstad har til saman.

Det viste seg å bli ei nærast umogleg oppgåve.

Vi enda på over 200. Då har vi teke med OL-, VM-, EM-, meisterliga-, serie- og cupmedaljar. Men trenaren er klar på at talet er alt for lågt.

– Eg trur det er betydeleg fleire enn det. Berre eg sjølv har jo 50, ler Vipers-sjefen.

Gjekstad trur talet er over 300 medaljar.

Nora Mørk og Ole Gustav Gjekstad

Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad og Nora Mørk står for mange av medaljane.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Drøymer om nytt gull i Europa

Vipers vann meisterligaen i fjor. No drøymer dei om å kopiere bragda.

Då må Krim slåast over to kampar. Den første vert spelt i Ljubljana søndag ettermiddag.

– Det byrjar å krible litt no. Eg føler det er lenge sidan vi har spelt veldig viktige kampar. Eg håpar vi er «på» søndag, seier Katrine Lunde.

– Eg er sikker på at alle er klare. Men vi skal treffe på dagsforma og finne nivået, seier Gjekstad.

Les også Tårene rann då Lunde og Vipers vann meisterligaen

Bb-htwxPZXw

– Må prestere på nytt heile tida

Katrine Lunde, Nora Mørk og Heidi Løke kan ta sitt sjette gull i meisterligaen dersom Vipers går heile vegen igjen.

Men Vipers-trenaren ber spelarane gløyme gamle triumfar.

– Det betyr ikkje så mykje no. Vi må prestere på nytt heile tida. Kva vi har gjort tidlegare er ikkje så viktig. Det er neste jobb som gjeld, seier Gjekstad.

– Er det meir medaljesvolt i dette laget?

– Ja, absolutt. Eg trur jo meir ein har vore med på vinne, jo meir sugen er ein på å ta det neste, seier Gjekstad.

Vipers-gull

Vipers Kristiansand løfta meisterligapokalen i Budapest i mai i fjor. No håpar dei på ny triumf i Europa.

Foto: ATTILA KISBENEDEK / AFP

Vann med 17 mål i februar

I februar var Vipers fullstendig overlegne då dei slo Krim 37-20. Etter det har den Krim styrka stallen med den slovenske stjerna Ana Gros og Tatjana Brnovic frå Montenegro.

Begge vart frigitt av sine russiske klubbar på grunn av krigen i Ukraina.

Gros har allereie markert seg sterkt i sin nye klubb.

– Krim er tydeleg styrka. Eg er spent på kor vi står etter ein pause. Gros må stoppast. Men vårt største problem i førre kamp var linjespelet deira. Eg trur ikkje Gros kjem til å skyte oss ut av kampen bak på bana. Vi må stoppe linjespelet også, seier Gjekstad.

Ana Gros

Vipers må bryne seg på stjernespelaren Ana Gros i søndagens oppgjer mot Krim i Ljubljana. Her er Gros i aksjon i ein tidlegare kamp mot Vipers.

Foto: Tibor Illyes / AP

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %