Hopp til innhold

Tårene rann då Lunde og Vipers vann meisterligaen

For første gang i historia har Vipers Kristiansand vunne meisterligaen i handball. Det var ein superveteran og eit supertalent som fiksa gullet.

Bb-htwxPZXw

Katrine Lunde og Vipers Kristiansand har vunne meisterligaen i handball. Lunde tok til tårene allereie før kampen var slutt.

Foto: Tibor Illyes / AP

– Katrine er jo verdas desidert beste keeper, utan tvil. Ho er 41 år, men ser ikkje ein dag eldre ut enn 25. Det er imponerande korleis ho står fram gang etter gang, seier Vipers-spelar Heidi Løke som deler rom med Lunde på tur.

Som i søndagens semifinale var det keeper Katrine Lunde (41) og Henny Reistad (22) som spelte hovudrollene.

Lunde stengde buret og Reistad hadde stilt inn siktet akkurat der det skulle vere.

22-åringen gav seg ikkje før ho hadde scora 12 mål. Det blir det gull av.

– Eg føler vi har hatt trua på at vi kunne klare dette. Vi spelte ein bra semifinale i går og alle har verkeleg vore på. Vi står fram med autoritet og styrer frå start til slutt, seier Løke.

ekz7TBeM_go

Katrine Lunde viste storform i meisterligafinalen mot Brest.

Foto: Tibor Illyes / AP

Rørt Lunde

Før kampen var ferdig zooma TV-kameraene inn på ei tårevåt Katrine Lunde. Ho har vunne meisterligaen før, men aldri med moderklubben.

Vipers vann 34-28 i Budapest.

Vipers gjekk ut i hundre i finalen og leia 7-2 då Nora Mørk hamra inn sitt første mål for dagen.

Det meste gjekk på skinner for sørlendingane heilt til Brest tok timeout. Seks minutt seinare stod det plutseleg 9-9.

– Det er ein fantastisk prestasjon. Eg trur ikkje folk forstår kor stort dette er. Lunde sluttar aldri å overraske. Ho er direkte avgjerande saman med Reistad, seier NRKs handballekspert Peder Langfeldt.

Meisterligafinalen var den siste Vipers-kampen til Henny Reistad. Neste sesong spelar ho i Esbjerg.

Linn Jørum Sulland avslutta handballkarrieren med meisterligagull. Ho legg opp etter sesongen.

F2o_9FIYu_M

Henny Reistad i duell med Brest-stjerna Ana Gros.

Foto: Tibor Illyes / AP

Leia med sju mål

Mot slutten av første omgang kvikna Katrine Lunde skikkeleg til i Vipers-målet. Ho tok den eine store sjansen etter den andre. Det gjorde at Vipers leia 18-14 til pause.

Vipers starta andre omgang, som den første. Dei skrudde på turboen. Sju minutt ut i omgangen leia dei 23-16.

Fire minutt før slutt var det berre fire mål som skilde laga.

Men då Jana Knedlíková sette inn 30-25 og Lunde redda påfølgande angrep var det gjort.

Vipers Kristiansand er best i verda.

Sjå intervju med Heidi Løke etter bragda i Budapest.

Andre gang i historia

Dette var Vipers sitt første internasjonale gull. Dei tok bronse i meisterligaen for to år sidan, medan det vart sølv i EHF-cupen i 2018.

Klubben hadde som mål å vinne meisterligaen innan 2023.

Berre ein gang tidlegare i historia har eit norsk lag vunne meisterligaen i handball for kvinner. Det klarte Larvik i 2011, då dei slo spanske S.D. Itxako.

Då var både Heidi Løke, Nora Mørk og Linn Jørum Sulland med på laget.

Sist eit lag frå Noreg var i ein meisterligafinale var i 2015. Då tapte Larvik mot Budućnost frå Montenegro. Dei tapte også finalen i 2013 mot Györ frå Ungarn.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %