Hopp til innhold

Mangedobla sal av oksygenmålarar: – Kan redda liv

Leverandørar av oksygenmålarar til heimebruk mangedobla salet då koronapandemien slo inn som verst. Eit lite apparat som blir sett på fingeren, kan oppdage alvorleg forverring av sjukdommen, meiner kommuneoverlege.

pulsoksymeter

Eit pulsoksymeter til heimebruk kan varsle alvorlege lungeproblem av korona tidleg.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

Morten Riis-Gjertsen frå Larvik vart som mange andre smitta av korona under ferie i Austerrike. Då han kom heim vart mange hans følgje sjuke. Morten vart dårlegast av alle.

– Eg skalv heile tida, hadde høg feber og tidvis pustevanskar.

Som ein del av eit prosjekt i kommunen fekk han tildelt ein oksygenmålar han skulle ha heime, såkalla pulsoksymeter. I tillegg til eit termometer.

– Apparata var kopla til ein app på telefonen som sende både kroppstemperatur og surstoffverdiane mine til helsepersonell.

Morten Riis-Gjertsen

Morten Riis-Gjertsen meiner bruk av oksygenmålar heime kan redde liv.

Foto: Lise Reng / Lise Reng

Morten var i periodar så sliten at ein tur ned trappa gjorde han heilt utmatta. Då oksygennivået på apparatet viste 88 prosent, vart han send til sjukehus.

Han var fleire gonger innom sjukehuset, men vart ikkje lagt inn. Teknologien gjorde at han sjølv og fagfolka kunne følgje helsetilstanden. Det avgrensa smittefaren, og vart mindre belastande for sjukehuset. Og større tryggleik for Morten.

– Eg er sikker på at slike oksygenmålarar kan redda liv for koronapasientar. Ein kan følgje situasjonen og tidleg oppdage om oksygennivået i blodet er for lågt, meiner Riis-Gjertsen.

– Tidobla salet av oksygenmålarar

Morten fekk det medisinske utstyret av helsevesenet, men under korona har svært mange verda over sikra seg oksygenmålarar, òg til heimebruk.

– Då pandemien slo inn i mars tidobla vi salet av desse apparata. Vi gjekk tom gong på gong, og det gjorde òg leverandørane våre. No klarer vi endeleg å halde tritt med etterspørselen.

Pulsoksymeter

Fleire leverandørar av oksygenmålarar sel maks ein pr. kunde pga. den høge etterspørselen.

Foto: Skjermdump

Det seier Kristian Brændhagen Mikkelsen. Han driv selskapet Test Helsen AS, eitt av dei norske nettselskapa som sel oksymeter. Framleis er salet dobla samanlikna med tida før pandemien.

– Vi har fått mange tilbakemeldingar om at dette gir auka tryggleik for folk, særleg i risikogruppene. Fastlegar stadfestar dette.

Max ein pr. kunde

Det finst ein jungel av nettfirma som sel pulsoksymetre. Dei fleste utanlandske. Mange har framleis ventetid på produktet, og ein del har avgrensingar på maks eitt apparat pr. kunde.

Silje Ensrud

Silje Ensrud stadfestar at etterspørselen etter oksygenmålarar har gått i taket etter pandemien

Apotek 1 er ein av dei store apotekkjedene her heime som sel produktet til helseinstitusjonar og private. Kommunikasjonsrådgivar Silje Ensrud stadfestar utviklinga.

– Normalt er dette ei vare vi har i sortimentet, men etter korona har etterspørselen langt overgått tilgangen.

– Fornuftig for dei som er smitta

Morten Riis-Gjertsen frå Larvik er glad for at han hadde tilsyn av helsepersonell då han brukte oksymeter.

– Eg er litt skeptisk til om det er lurt å bruke dette utan tilsyn. For meg var det svært viktig med oppfølging i tillegg.

Kommuneoverlege i Kristiansand, Dagfinn Haar, forstår godt at folk sikrar seg oksymeter. Han seier kommunen sjølv har kjøpt inn dusinvis av desse til bruk i heimesjukepleia og på institusjonar.

– Eg er veldig positiv til at folk med koronasmitte bruker desse apparata heime. Det gjer at ein i alvorlege tilfelle kan komme under nødvendig sjukehusbehandling i tide.

For ein del koronapasientar skjer det ei plutseleg forverring etter ei vekes tid og oksygenmetningen fell raskt.

Dagfinn Haarr

Kommuneoverlege Dagfinn Haar meiner bruk av oksygenmålar heime kan oppdage alvorleg sjukdom tidleg hos koronasmitta.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Då er det veldig lurt med dette vesle apparatet som enkelt og greitt viser auke i oksygenmetningen. Sidan eg er eldre og i risikogruppa sjølv, vil eg òg skaffe meg eit til å ha heime, seier kommuneoverlegen.

– Men kan ikkje dette òg bidra til å auke bekymringa og helseangsten hos ein del?

– Eg trur denne pandemien har skapt nok helseangst i seg sjølv. Eg trur ikkje denne målaren endrar på det.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %