Hopp til innhold

Miriam har blitt «nedringd» av studentar

Forbrukartilsynet meiner betalingstenesta Strex har eit ansvar når folk blir belasta utan å vere klar over det. Økonomistudent Miriam Faranso har blitt kontakta av mange som føler seg lurt.

miriam faranso, uia-student fra arendal

Miriam Faranso har vorte kontakta av eit titals studentar som til liks med henne sjølv har dårlege erfaringar med Norsk Studentforening.

Foto: Christina Cantero / NRK

– Responsen har vore enorm. Folk er provoserte og lurer på kva dei skal gjere for å få pengane sine igjen, seier Miriam Faranso (23).

NRK fortalde sist veke om organisasjonen Norsk Studentforening som har trekt Faranso og andre studentar for ein medlemskontingent på 29 kroner utan at dei har registrert seg som medlem.

Sjølv vart 23-åringen trekt kvar tredje månad i to år.

– Dei som har teke kontakt ønskjer å vite kven som står bak og kor store beløp det er snakk om til saman.

Faranso meiner det er viktig at personane bak blir tekne og at dei får ei straff.

– Viss ein ikkje tek vedkommande gir ein eit signal om at ein kan svindle mange folk og komme seg unna med det, seier ho.

norsk studentforening, svindel

Det er ein slik SMS som mange av studentane har fått.

Foto: Skjermdump

Kan ikkje belastast lenger

Norsk Studentforening vart sletta i Brønnøysundregistera 25. februar i år. Det er to dagar etter at NRK tok kontakt første gong.

Nettsidene deira er òg tekne vekk.

– Mange av dei som har teke kontakt lurer på korleis dei kan få pengane sine igjen no som foreininga ikkje finst lenger, seier Faranso.

Forbrukartilsynet opplyser at forbrukarar kan klage til mobiloperatøren sin på allereie gjennomførte trekk sjølv om foreininga er sletta.

Dei som ikkje kjem til semje kan ta saka vidare til Brukerklagenemda, seier seksjonssjef Nina Elise Dietzel.

Medlemsavgifta på 29 kroner har vorte belasta via betalingstenesta Strex som er eigd av Telenor, Telia og Ice.

Med Strex kan ein betale utan kredittkort eller bankkonto. Alt som trengst er ein mobiltelefon og betalinga blir belasta på mobilrekninga.

Dietzel i Forbrukartilsynet opplyser at Strex har stadfesta at transaksjonane til foreininga vart stengd i desember.

– Forbrukarar skal derfor ikkje lenger oppleve å bli belasta over mobilrekninga si frå denne foreininga.

Nina Elise Dietzel i Forbrukertilsynet.

Seksjonssjef Nina Elise Dietzel i Forbrukartilsynet opplyser at dei vil ta kontakt med Strex.

Foto: Forbrukertilsynet

Forbrukartilsynet: – Vil kontakte Strex

Dietzel meiner Strex òg har eit ansvar i saka. Dei må mellom anna sjekke kvaliteten hos samarbeidspartnarane sine.

– Seinast i fjor haust var vi i dialog med Strex om klagar på mobilbetaling, der dei innskjerpa krava til næringsdrivande som tek betalt over mobilrekninga. Vi kjem til å ta dette opp med dei på nytt.

Fleire har òg peika på betalingstenesta Strex og ansvaret deira når saka har vorte debattert i sosiale medium.

strex sosiale medier

I kommentarfelta er det fleire som meiner at Strex bør ansvarleggjerast.

Foto: Skjermdump

Miriam Faranso er samd og meiner at Strex har «feia problema under teppet».

Ho har sjølv vore i kontakt med dei fleire gonger for å få ei oversikt over alle transaksjonane som har vorte gjorde frå nummeret hennar.

– Eg vart lova ei slik oversikt for over ein månad sidan, men har framleis ikkje fått nokon. Det kjennest som å snakke til ein vegg. Eg får ingen respons på e-postane eg sender.

Tove Mette Dramstad, dagleg leiar i Strex, beklagar at det har teke så lang tid for Faranso og få svar.

– Det tek noko lengre tid å få bestilt ein transaksjonliste som går over ein lengre periode, men det skulle likevel ikkje teke så lang tid.

Har lagt inn sperre

Faranso synest det er rart at Strex ikkje har noko som helst slags ansvar.

– Det er jo dei som har gjennomført transaksjonen, seier ho.

Til dette skriv Dramstad følgjande i ein e-post:

«Det blir kravd brukarstadsavtale med Strex for å nytte betalingstenesta vår, og brukarstad må følgje føresegnene til avtalen. Krav til autorisering av transaksjon avheng av type teneste, beløp og risikoprofilar.. Vi ønskjer ikkje å bli forbunde med brukarstader som ikkje forheld seg til norsk lov, og dessutan bryt avtale og bransjespesifikke retningslinjer».

Ho stadfestar overfor NRK at Norsk Studentforening vart stengd i desember grunna mistanke om manglande rettidig inngåing av abonnementsavtalen.

Faraso har no lagt inn ei sperre i mobilen slik at ikkje Strex kan brukast i det heile. Ho har òg tilrådd dei som kontaktar henne å gjere det same.

NRK har gjentekne gonger prøvd å komme i kontakt med styreleiar i Norsk Studentforening via e-post, men har ikkje fått noko svar.

Vi har òg prøvd å nå dei på eit telefonnummer som vi veit foreininga har brukt tidlegare. Heller ikkje her fekk vi svar.

miriam faranso, uia-student fra Arendal

Miriam Faranso studerer for å bli siviløkonom og synest det er viktig å finne ut korleis Norsk Studentforening har operert for å kunne belaste uvitande studentar.

Foto: Christina Cantero / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %