Hopp til innhold

Legekontor tek ulovleg betalt: – Reglane er krystallklare

Ei rekkje legesenter tek betaling for å kommunisere med pasientane. Stikk strid med lova, meiner Helsedirektoratet.

Tromøy legekontor. Ulovlige gebyr på legekontor

Det kostar pengar å kontakte Tromøy legekontor.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

Det kjem ein jamn straum av pasientar ut frå legekontoret på Tromøya i Arendal.

Éin av desse, Malèn Linnea Wallentinsen har trøbbel med foten.

Ho viser oss meldingane på mobilen ho har fått frå legekontoret. Kvar melding derfra kostar.

– Du ser her at eg blir trekt seks kroner for kvar gong eg har fått ein SMS frå legen.

Det kan bli ein del meldingar fram og tilbake. Sist utgjorde dette 70-80 kroner berre for éin månad, seier Wallentinsen.

Nettside til legekontor med SMS-betaling

Nettsiden til Tromøy legekontor viser at det kostar pengar å kontakte legekontoret.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

– Krystallklare reglar

Det dreier seg om bestilling av legetimar, fornying av reseptar og annan kontakt med legekontoret.

NRK har undersøkt praksisen som går føre seg over heile landet. 1100 legekontor er tilknytta tenesta Helserespons, ifølgje selskapet sine eigne nettsider.

Men ikkje alle desse tek betalt for pasientkontakt.

Opp mot 20 prosent av alle legekontora NRK har undersøkt tek betalt 6 kroner for kvar melding dei sender til pasienten via denne tenesta.

Det kan fort bli tre, fire meldingar kvar gong ein pasient har kontakt.

– Reglane på dette området er krystallklare. Vår soleklare oppfatning er at det ikkje er lov å krevje slike gebyr. Dette er ein etablert praksis som vi meiner er heilt feil, seier avdelingsdirektør Steinar Mathisen i Helsedirektoratet.

Allereie i 2018 slo styresmaktene fast at slike gebyr ikkje var lovlege. Men framleis blir ordninga brukt ved ein del legesenter.

– Det er uheldig at pasientar i møte med den offentlege helsetenesta får eigenbetaling som det ikkje er heimel for å krevje, seier Mathiesen.

Tromøy legekontor. Ulovlige gebyr på legekontor

Legekontoret på Tromøy i Arendal.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

Merkast godt på mobilrekninga

NRK har snakka med fleire pasientar som har vorte trekt som følgje av SMS-tenesta.

Desse ønskjer ikkje å stå fram fordi dei ønskjer å ha eit godt forhold til legekontoret sitt.

Dei fleste visste ikkje at ordninga blir karakterisert som lovstridig av styresmaktene.

Malèn Linnea blir også overraska over det NRK fortel.

– Hadde eg visst at dette var ulovleg, hadde eg kontakta legen på andre måtar.

Ho seier at dette først og fremst rammar folk som bruker legen mykje. Noko ho sjølv også har gjort i periodar.

NRK kjenner til pasientar som har punga ut med fleire tusenlappar til slike gebyr i løpet av eit år.

– Det var en periode jeg var en del hos legen. Mobilrekninga vart deretter, seier Malèn Linne.

NRK har kontakta Tromøy legekontor om saka. Men dei har førebels ikke svart på førespurnaden vår.

Tre av de ti fastlegekontora i Arendal tek betalt for kontakt med pasientane. Kommuneoverlege i Arendal, Erik L. Werner seier han ikkje kjenner til reaksjonar frå pasientar.

– Men er det framleis slike tenester i bruk i Arendal må dei stanse snarast, seier han.

Ulovlige gebyr på legekontor

NRK har undersøkt ei rekkje legekontor som tek betalt for SMS-meldingar til pasienten. Her frå nettsidene til eitt av kontora.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

Stansa tenesta på dagen

I nabokommunen Grimstad har to av dei fem legekontora nytta ordninga. Mellom anna på eitt av dei kommunale sentera.

Ifølgje direktoratet er det kommunane og helseføretaka som har ansvaret for at dette ikkje skjer.

Kommunoverelege Vegard Vige trudde ordninga på det kommunale legekontoret var avslutta.

Men NRK viser til dokumentasjon på at pasientar her framleis betaler gebyr.

– Det må eg beklage, det er ein glipp. Ordninga blir no fjerna straks. SMS-tenesta skulle vore avslutta ved nyttår.

Vige opplyser at dette kjem av ein feil som selskapet Helserespons tek heile ansvaret for.

NRK kjenner til endå eit fastlegekontor i kommunen som har ordninga, på Fevik.

– Det tek eg no tak i. Ingen legekontor skal ha ei ordning som Helsedirektoratet seier er ulovleg å bruke.

– Kvifor blir desse tenestene brukte?

– Det er vel fordi det er ei løysing som gjer det enkelt å kommunisere med pasienten. Det er uansett ikkje legekontoret som tener pengar på gebyra. Det er det selskapet bak som gjer, understrekar Vige.

NRK har kontakta Fevik legesenter utan å få noko svar på spørsmåla våre.

Vegard Vige

Kommunoverelege Vegard Vige i Grimstad seier han stoppar ordninga umiddelbart.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Mindre del som bruker ordninga

Også allmenlegeforeningen reagerer på at legekontor held ordninga fram.

– Ein kan ikkje ha følgt heilt med i timen. Legekontora må sjekke om dei driv lovleg. Men det ligg også eit ansvar for på leverandøren.

Det seier leiar for Allmennlegeforeningen, Nils Kristian Klev.

Rune Korshavn i selskapet WTW som driv Helserespons, seier det er legekontora sjølv som har anvsaret.

Dei må sjølv konvertere til ny avtale som er i tråd med regelverket.

Han understrekar at det er ein mindre del av dei 1100 legekontora som framleis har betalingstenesta.

NRK har spurt selskapet om deira ansvar for å selje ei teneste som styresmaktene ser på som ulovleg. Vi har ikkje fått svar på dette.

Nils Kristian Klev, leder i Allmennlegeforeningen

Legekontora må sjekke om dei driv lovleg, sier leiar for Allmennlegeforeningen, Nils Kristian Klev.

Foto: Arne Sørenes / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %