Hopp til innhold

Lensmann: - Ulykka verka merkeleg

Lensmann Sigurd Langeid meiner trafikkulykka der der den tiltalte Valle-presten var involvert verka merkeleg.

Sigurd Langeid

UNDRAR: Lensmann Sigurd Langeid stussar på fleire punkt i samband med bilulykka Valle-presten var involvert i.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det var langt ifrå nokon normalsituasjon. Det var fleire ting eg stussa på, seier lensmann Sigurd Langeid til NRK.

LES: Prest hevdar prest ville ta han
LES: Forsvarar: - Katastrofe for presten
LES: - Angrar på at eg var så eplekjekk
LES: Valle-prest hadde våpen i kofferten

Han forklarte seg for retten der Valle-prest Arne Skare er tiltalt for falsk forklaring. Lensmannen var den første som kom til ulykkesstaden der presten hadde køyrd av vegen, då fleire bremseslangar og leidningar i samband ABS-systemet var kutta.

Lensmannen stussa

– Då eg kom fram, 20-25 minutt etter at vi vart varsla om ulykka, fekk eg ikkje kontakt med han. Eg sjekka både puls og pust, alt var i orden. Det var ikkje synlege skader på han, så eg stussa litt, sa Langeid.

– Det var heller ingen bremsespor i vegen eller i grusen der bilen stod. Det var heller ingen store skader på bilen, sa han.

– Då vi fekk liv i han mumla han noko om bremsene. Men det var vanskeleg å få nokon samanheng i det han sa, ifølgje Langeid.

Tok ut siktelse

Lensmannen tok ut siktelse mot Skare for køyring i rusa tilstand.

– Slik som han oppførte seg var ikkje forenlig med skadene han kunne ha etter ei slik ulykke.

– Kan Skare ha vore i sjokk?, spurte forsvarar Sveinung Søndervik Johnsen.

– Ikkje slik eg vurderte det, sa Langeid.

Seinare viste det seg at han ikkje køyrde med ulovlege stoff i kroppen. Valle-presten forklarte at han var redd.

– Eg hadde gått gjennom eit heilt år med uro og angst. Eg var klar for at noko kunne skje den dagen, sa han om kvifor han reagerte som han gjorde.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,53 kr
Dyrest kl. 20 1,25 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Apr 2023 – apr 2024
    + 6,8 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %