– Åååå, det var herleg altså. Vi har gleda oss til denne kampen så lenge. Kenneth Gabrielsen har hausa dette opp, men forstår ikkje at det tenner oss endå meir, så det var ekstra «digg» i dag, seier Larvik-spelar Amanda Kurtovic til NRK etter kampslutt.
Vipers Kristiansand har eitt mål på sikt: å vippe Larvik ned frå trona i norsk kvinnehandball.
Men framleis er rosatrøyene frå Kristiansand som lillesøstre å rekne.
– Blir for lett
For i onsdagens cupsemifinale i Aquarama i Kristiansand var det Larvik som nok ein gong kunne juble for plass i cupfinalen. Der møter dei Tertnes, som slo Sola i den andre semifinalen.
Vestfoldingane slo Vipers til slutt 32–26 føre rekordstort publikum på Vipers si heimebane. 2300 tilskodarar hadde møtt opp til handballfesten.
– Til slutt er vi ikkje nær i det heile. I periodar har vi noko her å gjere, men vi må ha fleire slike gode periodar. Vi må stramme opp bakover, for det blir alt for lett, seier Vipers-spelar Linn Jørum Sulland.
Gjestene frå Vestfold tok oppskriftsmessig tak i kampen frå start i Kristiansand og leia 3–0 tre minutt ut i kampen.
– Vi hadde overtenning i dag. Eg merka på heile gruppa at vi var ekstra konsentrert. Det var ikkje ein vanleg kamp. Cup er cup og i dag gav vi alt. All honnør til jentene og laget, seier Kurtovic om lagvenninnene.
Hang med i 45 minutt
Hardtsatsande Vipers kjempa febrilsk for å komme seg inn igjen i kampen og lukkast delvis.
Larvik leia 15–10 til pause.
13 minutt før slutt reduserte Thorey Rosa Stefansdottir til 22–24 for Vipers. Men der var det stopp, og Larvik tok seg til slutt komfortabelt til sin 15. strake cupfinale.
Laget har altså spelt 14 strake cupfinalar og vunne 13 av dei. Tapet kom mot Byåsen i 2007.
– Fantastisk publikum
Etter kampen var Vipers-spelaren opptekne av trykket og stemninga i hallen.
Larvik-spelarane møtte blant anna massiv pipekonsert frå heimepublikummet då dei var i angrep.
– Det var heilt fantastisk. Slik buing har eg ikkje opplevd i Norge før. Eg er litt skuffa over at vi ikkje gjer ein betre jobb når tilskodarane presterer så til dei grader. Vi får love at vi skal gjere ein betre jobb neste gang, seier Sulland.