Hopp til innhold

Tøffe duellar skremde landslagslegen - vil ha nye reglar

Den norske landslagslegen Thor Einar Andersen vil ha nye reglar etter ei rekkje stygge hovudduellar under fotball-VM i Brasil.

Christoph Kramers finaleglede ble kortvarig etter at han ble satt ut av spill med en hodeskade.

Sjå duellen mellom Christoph Kramer og Ezequiel Garay.

Thor Einar Andersen

Thor Einar Andersen er lege på det norske fotballandslaget for herrar.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB Scanpix

Den tidlegare Start-spelaren, som opphavleg er frå Kristiansand, meiner mellom anna at legane ikkje får god nok tid til å undersøke spelarane etter stygge duellar.

– Sjølv om det er sjeldan, har hovudskadar potensial til å vere livsfarleg, og må takast på største alvor, seier Andersen til Nettavisen.

Under gårsdagens VM-finale mellom Argentina og Tyskland oppstod det fleire situasjonar der spelarar gjekk ned for teljing etter hovudduellar.

Verst gjekk det utover Tysklands Christoph Kramer og Ezequiel Garay etter ein kraftig duell. Begge kom på bana igjen etter behandling, men Kramer måtte seinare bytast ut, tydeleg prega etter smellen.

Vil ha grundig undersøking

Seinare i kampen kom Tyskland-keeper Manuel Neuer ut på 16-meteren for å bokse ballen unna. Neuer kolliderte med Gonzalo Higuaín, som fekk ein skikkeleg smell.

Landslagslegen føreslår no to endringar for å hindre at spelarar, som har fått ein alvorleg smell i hovudet, kjem på bana igjen.

Han vil tillate eit mellombels byte, slik at den skada spelaren kan undersøkast grundig, før han eventuelt får halde fram med å spele.

– Det krev minst fem minutt å gjere ei kvalifisert undersøking, og denne sjekken bør gå føre seg i garderoben der ein har naudsynt ro og riktige hjelpemiddel, seier Andersen til Nettavisen.

Neuer kommer ut på sekstenmeter og bokser ballen unna

Sjå duellen mellom Manuel Neuer og Gonzalo Higuaín.

Vil sjå TV-bilete

Andersen føreslår også at legane skal få studere TV-bilete etter eit samanstøyt.

Han peikar mellom anna på at det er to ting som er avgjerande for kor alvorleg skaden er. Kvar i hovudet treffet skjer, og om det oppstår ein rotasjon.

– Får det medisinske apparatet tilgang på dei same TV-bileta, som TV-sjåarane, vil ein mykje lettare kunne ta ei kvalifisert avgjerd om det er forsvarleg å la spelaren halde fram eller ikkje, seier Andersen.

Tyskland vann VM-finalen 1-0, etter ekstraomgangar i Brasil.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %