Hopp til innhold

Kulturministeren slo på stortromma

Regjeringa gjer fem millionar kroner til musikkorpsa i Norge. Fleire meiner det vil blåse nytt liv i korpsa, som har slite med rekruttering i fleire år.

Kulturminister Helleland gir millioner til korpsene

Sjå intervju med kulturminister Linda Hofstad Helleland, leiar i Kristiansand Skolekorps og Ariel Lister som er med i korpset.

– 2018 er musikkorpsa sitt år. Regjeringa er opptekne av at fleire barn og unge skal spele i korps. Dette vil gjere at fleire instrument kan kjøpast og den kulturelle grunnmuren i hele landet som korpsa utgjer ein stor del av, kan styrkast, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland (H).

Tysdag ettermiddag var statsråden på besøk hos Kristiansand skolemusikkorps.

Der sleppte ho nyheita, til stor jubel hos korpsmedlemmane.

Delte ut millionar til korpsa
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

«Korpskrisa» kan vere over

– Det tykkjer eg er veldig bra. Det er mange instrument som trengst, og det kostar veldig mykje pengar. Så det var veldig hyggeleg av ho å gje mykje pengar, seier Ariel Lister som spelar i korpset.

– Eg har fått mange nye vener. Det er veldig gøy å lære mange kule og nye ting. Så likar eg å ha ein hobby som å spele i korps, seier ho.

Mange stader har rekrutteringa til musikkorpsa vore dårleg dei siste åra.

I fjor måtte mellom anna Grimstad kommune hente eit musikkorps frå Danmark for å få nok korps-musikantar i gatene i samband med 200-årsmarkeringa i byen.

Men trenden er i ferd med å snu. Korpsa opplever no at fleire barn og unge vil vere med. Det meiner statsråden skuldast at regjeringa også i fjor løyvde same sum.

– Vi ser at dei har fått mykje ut av desse pengane. Det bidreg til at endå fleire barn og unge vil inn i korpsa. Å lære seg notar, å vere ein del av eit musikkmiljø og eit fellesskap er fantastisk. Det seier også litt om vår identitet. 17. mai utan korps er ikkje mykje å skryte av, seier Helleland.

Ariel Lister

Ariel Lister gler seg over at korpsa får fem millionar kroner neste år.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Her er ingen reservebenk

– Det er absolutt oppsving for korpsa no. Det viser inntak av aspirantar denne hausten, seier Daniel Sørensen som er leiar i Kristiansand Skolemusikkorps.

Han meiner pengane kjem godt med.

– Det handlar om å kjøpe gode og riktige instrument når barna startar opplæringa. Det er alfa og omega å ha gode instrument, seier han.

– Her er det ingen reservebenk. Her er alle med på laget og vert tekne godt hand om. Det trur eg er ein stor ting i korps, seier Sørensen.

I samband med musikkorpsa sitt år neste år, skal det blant anna markerast at Norges Musikkorps Forbund vart stifta i 1918.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %