– Det er eigentleg heilt latterleg. Eg oppfattar det nesten som ein spøk, seier ordførar i Froland Sigmund Pedersen (Sp) til NRK.
5 av 7 parti på Stortinget vil slå saman kommunar med ulik grad av tvang. NRK utfordra analyseselskapet NIVI til å lage ei skisse til korleis kommunekartet kan sjå ut etter omfattande samanslåingar.
I analysen går det fram at dagens 30 kommunar i Agder-fylka blir slått saman til ni kommunar. Den einaste kommunen som får «leve» som i dag er Grimstad, ifølgje analysen.
Her er analyseresultatet frå NIVI
Risørregionen:
Risør og Gjerstad
Arendalsregionen:
Arendal, Vegårshei, Tvedestrand, Froland og Åmli
Setesdal:
Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle
Kristiansandregionen:
Kristiansand, Vennesla, Søgne, Songdalen, Iveland, Birkenes og Lillesand
Lindesnesregionen:
Mandal, Lindesnes, Audnedal, Marnardal og Åseral
Farsund/Lyngdalregionen:
Farsund, Lyngdal og Hægebostad
Flekkefjordregionen:
Flekkefjord, Kvinesdal og Sirdal
– Særdeles dårleg idé
Analysen får også ordførar i Bykle, Jon Rolf Næss (Ap), til å reagere. Han har lita lyst til å slå seg saman med Evje og Hornnes, Bygland og Valle.
– Eg tykkjer at det er ein særdeles dårleg idé. Eg bur på Hovden, og slik demografien er i Setesdal, betyr det at eg få 16 mil ned til kommunesenteret. Dette er berre og tull, og dette er berre slikt dei finn på inne i Oslo, seier Næss til NRK.
Også ordførar i Kvinesdal, Odd Omland (Ap), slår beina under analysen.
– Dei har ikkje teke innover seg at Kvinesdal og Sirdal er store kommunar med store areal og lange strekningar, seier han.
– Nokre kommunesamanslåingar vil det nok bli framover, men eg meiner det må vere på frivillig basis. Ein må finne dei rette kriteria for dei som vil finne saman, seier han.
– Må lytte til folket
Også Sigmund Pedersen i Froland meiner at samanslåing bør skje på frivillig basis.
– Her er det viktig å lytte til folket si meining. Og det viser seg at samanslåing av kommunar ikkje har gitt betre tenester. Vi treng fleire hjelpande hender og staten må forstå at dei må løyve pengar til gode tenester. VI har ikkje behov for fleire juristar, men hjelpande hender, seier Pedersen.
– Du kan like godt ha ein kommune i heile Norge. Dette er heilt utenkeleg og er teke ut av ein kvar samanheng. Eg tek ikkje dette som eit seriøst innspel i det heile, seier han.
Høgreordførar samd
Lillesand sin ordførar Arne Thomassen (H) og partiet Høgre meiner Norge treng færre og større kommunar. Men han er delvis samd med dei tre raudgrøne politikarane.
– Fordi om vi i framtida skal klare å levere gode tenester til våre innbyggjarar vil størrelsen på kommunen ha noko å sei. Men denne rapporten er ikkje seriøs i så tilfelle og dekkande for kva kommunane treng, seier Thomassen.
Han synest denne rapporten ikkje verker heilt tenkt gjennom.
– Denne rapporten ser for mykje på folketal og ikkje så mykje på geografi. Kommunane treng og i framtida hender og kompetanse, og det blir noko ein kjem på slåst om, og så vil dei små kommunane slite, seier han.
– Det Høyre seier er at det er viktig å gjere noko med mengd kommunar. Meir enn halvparten har mindre enn 5000 innbyggjarar. Med stadig større behov til kommunen og stadig større ønsker om teneste er det klart at noko må gjerast. Først og fremst frivillig, men etter kvart vil det tvinge seg fram, seier Thomassen.