Hopp til innhold

Kreative gründer-spirer i sør

Eigenprodusert sminke, gaffel-knagger, eller ein skjerm som gjer at ingen ser kva du driv med når du jobbar på pcen din på jobb. Det var berre noko av det dei unge håpefulle hadde å vise fram på salsmessa på Sørlandssenteret.

Joakim Sand, Fredrik Rem Jensen og Erik Thomassen

GRÜNDARAR: Joakim Sand, Fredrik Rem Jensen og Erik Thomassen viser stolt fram sitt produkt på standen sin.

Foto: Elisabeth Sandve/NRK

– Dette er eit filter som gjer at ingen andre kan sjå kva du gjer på pcen din, forklarar Joakim Sand, Fredrik Rem Jensen og Erik Thomassen til NRK.no.

Dei er nokre av mange elevar som står på stand på ei salsmesse Sørlandssenteret for å vise fram studentbedrifta si. Eit titals elevbedrifter viste fram sine produkt.

Privatliv

– Dette filteret kan du bruke ute i sola, då vil du sjå skjermen betre, seier dei.

– Men kvifor treng ein eit slikt filter?

– Alle treng privatliv. Det kan vere greit å vere inne på sider som du kanskje ikkje vil vise til andre. Dersom du til dømes sjekkar kontoen din på toget. Då kan det vere greit å bruke dette dersom du ikkje vil at alle skal sjå kontoen, seier dei tre.

Saman har gutane jobba fram ideèn på skulen, dei har laga business-planar og ein salsplan.

Hemmeleg agent

Dei tre hadde dressa seg opp i fine dressar og fiksa håpet ekstra godt i dag. I løpet av dagen vert dei evaluert av dommarar frå næringslivet for beste utstilling o beste salsteam. Då er det ok å ha eit kult produkt å fronte.

– Vi er her for å vekkje interesse og at folk skal få sjå kva dette produktet eigentleg er for noko. Det er nok ikkje så mange som har sett dette tidlegare, seier dei.

– Du kan jo bli som ein hemmeleg agent med dette. Ingen ser kva du held på mer, flirer dei.

Unge gründarar

PRODUKT: Desse tre jentene viser fram sitt produkt: cupcake og sylteglass dekorert med servietter.

Foto: Elisabeth Sandve/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %