– Då første patrulje kom til staden var det full overtenning i ei av leilegheitene i rekka, seier innsatsleiar i Agder-politiet, Kjell Iveland til NRK.
Det var voldsomme flammar som møtte brannvesenet då dei kom fram til staden
Fleire personar vart evakuert frå dei fire bustadene i rekka.
Se området fra lufta. Luftfoto: Anders Martinsen.
Truleg ingen personskade
Det er så langt ikkje meldt om personskade. Nokre personar blir sjekka av ambulansepersonell.
– Ei leilegheit er delvis utbrent og det er truleg store skader på eit anna. Det er truleg røykskader i dei to siste leilegheitene i rekka, seier Iveland.
Rekkehuset i Hegglia er overtent og det er fare for at brannen skal spreie seg til andre hus i området.
– Det er fortløpende vurderingar om fleire bustader må evakuerast, opplyste operasjonssentralen i Agder-politiet.
– Det var eit vanskeleg arbeid. Husa ligg tett. Det er trehusbebyggelse, seier Iveland.
Sjå intervju med innsatsleiar i politiet, Kjell Iveland.
Veit ikkje kva som starta brannen
Politiet vart varsla om brannen klokka 16.40.
Ved 17.30-tida hadde brannvesenet kontroll på flammane.
Politiet veit førebels ikkje noko om brannårsaka.
– Det er for tidleg å seie. Vi har har konsentrasjon på å begrense brannen, seier innsatsleiaren i politiet.
Personane som er evakuert vil få tilbod om hjelp.
Foto: Roy-Cato Myrvang.