Hopp til innhold

Slange på 1,5 meter på rømmen - no er den funnen

Ein kongeboa rømte frå eit hus i Kristiansand. Eigaren seier ho hadde leita over alt, men slangen «Adam» var ikkje å finne.

Boaslangen Adam

Slangen «Adam» er funne etter å ha vore sporslaust borte sidan mandag.

Foto: Privat

– Vi har leita bak kjøleskapet, bak frysaren, inne i ulltøyet. Over alt. Eg finn den ikkje, sa Eva Matilde Voss Nyberg onsdag ettermiddag.

Slangen hadde vore sporlaust borte sidan måndag.

– Vi hadde den ute av buret måndag kveld. Så sovna vi. Etter det har vi ikkje sett den, seier ho.

Men torsdag dukka den plutseleg opp.

– Slangen låg ved kaffetraktaren på kjøkenbenken då vi kom ut på kjøkkenet i dag. Han forlet aldri huset, seier Nyberg til NRK.

Eva Mathilde Voss Nyberg

Eva Matilde Voss Nyberg har leita over alt etter slagen Adam. Kongeboaen er sporlaust borte.

Foto: Anna Rut Tørressen/NRK

Nabo: – Vart litt overraska

Naboar i området seier dei skvatt litt då dei fekk høyre om slangen på rømmen.

– Vi vart litt overraska. Så vi har sett etter den og passar på å halde dører lukka både i hus, bil og garasje, seier nabo Bernt Enger.

Onsdag ettermiddag gjekk politiet ut med ei melding om at slangen hadde komme seg ut av eit hus på Fiskåtangen i Kristiansand.

– Eigar leiter etter denne no, men ber folk i området om å vere obs, skreiv politiet på Twitter.

Bernt Enger

Nabo Bernt Enger passar på at dørene til huset er lukka etter at han fekk greie på at ein slange er på rømmen i nabolaget.

Foto: Anna Rut Tørressen / NRK

På flyttebot

Politiet ba også folk som eventuelt såg slangen om å ta kontakt.

Slangemor seier slangen ikkje er giftig eller farleg for menneske eller kjæledyr.

Onsdag sa matmor at ho håpar den dukka opp raskt. For ho står midt i flytting.

– Eg skal flytte denne månaden. Eg har ikkje lyst til å flytte utan Adam, seier ho.

– Så veit eg ikkje kor lukrativt det er å leige ut ei leilegheit der kan vere ein boaslange. Så eg håpar vi finn den innan vi må ut. Viss ikkje veit eg ikkje kva vi gjer, seier ho.

Men no slepp ho å tenke på det. «Adam» blir med på flyttelasset.

Les også Kraftig nedbør fyller magasina: – Unngår truleg dei høgste straumprisane

Olav Botnen

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,7 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %