Hopp til innhold

Kommunen struper ikkje salmesongen

Kommunestyret i Grimstad vedtok å halda fram med å syngja fedrelandssalmen før kommunestyremøta. Dei som vil, kan stå på gangen.

Kommunestyret i Grimstad stemte for å fortsette med salmen

Det blir ikkje kommunestyremøte i Grimstad utan eit vers frå Fedrelandssalmen.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

I 50 år har song kunne høyrast gjennom veggene frå Kommunestyresalen i Grimstad rådhus.

Kvart einaste kommunestyremøte blir starta med første vers av Fedrelandssalmen, eller «Gud signe det dyre fedrelandet vårt».

I dag bestemde kommunestyret at tradisjonen skal halda fram. Fleirtalet meiner dette er ein fin tradisjon som gir ein høgtideleg start på kommunestyremøta.

Det stod 21–14 for salmesong då stemmene vart talt opp.

Sjå politikarane syngja i gang dagens kommunestyremøte.

Gud signe vaart dyre Fedraland
Og lat det som Hagen bløma!
Lat lysa din Fred fraa Fjell til Strand
Og Vetter fyr Vaarsol røma!
Lat Folket som Brøder saman bu,
Som Kristne det kann seg søma!

Meiner han er lite inkluderande

Venstres Vilde Haavik Tønnessen foreslo å avskaffa ordninga fordi ho meinte ho ikkje var inkluderande, men vart nedstemd.

– Eg synest det er merkeleg at me skal halda fram med dette. Eg trur det viser eit konservativt kommunestyre, seier ho.

Ho var ein av dei åtte som i dag valde å gå på gangen då forsongarane stemde opp til Fedrelandssalmen.

Ho kjem likevel ikkje til å ta opp saka på nytt.

– No legg eg denne saka bak meg, så får eg berre halda fram med å stå på gangen. Eg trur også me vil bli fleire som vel å stå på gangen.

Vilde Haavik Tønnessen

Kommunestyrerepresentant Vilde Haavik Tønnessen (V).

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Fin tradisjon

– Det er ikkje nokon grunn for meg til å feira, men samtidig var det viktig for meg å argumentera for å halda ved like det eg meiner er ein god tradisjon.

Det seier Dagfinn Fløystad, som er gruppeleiar for Kristeleg Folkeparti i Grimstad kommune.

Les også Pluto (17) håper flere unge som henne vil få hjelp

Pluto Myhre.

Han meiner salmesongen seier noko om verdigrunnlaget til kommunen, og at han betyr mykje for mange av medlemmene i kommunestyret.

– Og eg trur også det betyr ein del for mange som bur i Grimstad, seier han.

Synest du ein skal syngja Fedrelandssamlen før politiske møte?

Opp til kvar enkelt

Ordførar Beate Skretting (H) seier ho hadde levd greitt med begge utfall.

Sjølv støtta ho Tønnessens forslag om å slutta med tradisjonen.

Med dagens avgjerd, kan politikarane få velja sjølv om dei vil syngja eller ikkje.

– Alle kan få velja kva dei ønskjer, anten å delta i songen, eller å stå på gangen. Det er opp til kvar enkelt, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %