Knut Tørum vuderer Start-stallen

Knut Tørum har stor tru på laget sitt før seriestart.

Knut Tørum

POSITIV: Start-trenar Knut Tørum har stor tru på eige mannskap føre 2010-sesongen.

Foto: Kari Løberg Skår/NRK

Keeper

– Kenneth Høie er førstekeeper, men er hardt utfordra av Rune Nilssen. Vi føler vi er veldig godt rusta der, seier Tørum til NRK.

Forsvar

– Hunter Freeman har vore ute med skade, som har teke lengre tid enn vi trudde. Bård Borgersen har vore ute med sjukdom. Jesper Mathisen har vore litt inn og ut. Branislav Miličević har vore litt inn og ut, så det har vore ein del skader der bak, seier han.

– Forsvar er kanskje ein lagdel der vi føler at vi har mest å gå på før vi verkeleg kan seie at vi er i toppform no til seriestart. Men framleis har vi bra dekning der bak. Vi har mange spennande spelarar. Vi har Avni Pepa og Espen Knudsen som har meldt seg på i vinter. Vi har Knut Henry Haraldsen som stort sett har vore frisk. Rolf Daniel Vikstøl har hatt ein bra vinter, seier Tørum.

– Clarence Goodson har vore med det amerikanske landslaget, og det har verkeleg gjort han godt. Han har fått kanontrening der borte og er supermotivert til å komme til VM. Eg har knapt sett han så god på trening, som eg har sett han den siste veka, seier trenaren.

Clarence Goodson

PROFIL: Start-trenar Knut Tørum er full av lovord om midtstoppar Clarence Goodson, som kjempar om plass på VM-laget til USA.

Foto: Kari Løberg Skår/NRK

Midtbane

– Vi har to klare kantar i Christian Bolaños og Espen Børufsen. Vi har dekning på sidene, men ikkje soleklare utfordrarar. Vi har desto meir konkurranse inn i midten i Christen Kleiven, Solomon Owello, Olufemi Aladapo og Petter Bruer Hanssen. Sistnemde er ute med skade, dei tre andre er klare til seriestart. Det ser veldig bra ut, seier Start-trenaren.

– Så har vi i tillegg Geir Ludvig Fevang, som kan både spele bak der med ei andre i tillegg til mellom midtbaneleddet og spissane. Geir Ludvig var unggut sist han var så pigg og frisk om vinteren. Så det ser veldig fint ut, seier Tørum.

Christian Bolaños

PROFIL: Christian Bolaños vart ein hit i eliteserien i fjor. Tørum har tru på costarikanaren også i år.

Foto: Kari Løberg Skår/NRK

Angrep

– Der har vi ein Aram Khalili, som har vore mykje skada, men som nærmar seg kampklar. Utover det har vi Ole Martin Årst, Bernt Hulsker og Mads Stokkelien, som alle har vore skadefri i vinter. Alle har trent så og seie kvar økt, som er kanonpigge, seier han.

– Vi er godt forspent, og er veldig heldige framover på bana, avsluttar Tørum.

I kveld serieopnar Start heime mot Sandefjord på Sør Arena.

Mads Stokkelien

PROFIL: Mads Stokkelien scora ti mål i fjorårets eliteserie. I år jaktar ungguten fleire scoringar.

Foto: Kari Løberg Skår/NRK