Gråskimmelsopp har ført til store skader og tapte inntekter for mange jordbærbønder i delar av landet, og både Norsk Bondelag, Senterpartiet og Arbeidarpartiet etterlyser ei tiltakspakke frå landbruksminister Jon Georg Dale (Frp).
Dale har avvist ekstraordinære tiltak og meiner år med dårlege avlingar er ein risiko produsenten sjølv må handtere.
Departementet vil likevel takke ja til Bondelaget og Agderbær sitt ønskje om eit møte.
Måndag møter dei statssekretær Terje Halleland (Frp).
Dei fyrste meldingane om problem med gråskimmelsopp kom frå Agder og Rogaland, der fleire bønder opplyser at dei har mista over halvparten av produksjonen.
Gråskimmelsopp rammar jordbærproduksjonen kvart år, men sidan det har regna mykje i år og soppen trivest ekstra godt under fuktige forhold, har soppangrepet vore meir utbreitt enn vanleg.