Hopp til innhold

Jobbar på fleire spor i Kongo-saka

UD jobbar framleis med å få Tjostolv Moland og Joshua French overført til Norge, men vedgår at det er særs utfordrande.

Kjetil Elsebutangen og Tjostolv Moland

JOBBAR: Kjetil Elsebutangen (t.v.) seier at UD jobbar langs fleire spor i Kongo-saka, utan at han vil utdjupe dette.

Foto: Øyvind Bye Skille/NRK - VATN, Vegar K./NTB Scanpix

– Vi held fram med å jobbe med saka langs fleire spor, så håpar vi at det vil gi ei løysing snarast mogleg, seier Kjetil Elsebutangen i UD til NRK.no.

Kva UD gjer konkret vil ikkje Elsebutangen gå inn på. Tidlegare fredag sa stortingsrepresentant Svein Harberg (H) at han vil ta saka til Stortinget, og han etterlyste ei meir aktiv haldning frå UD overfor kongolesiske styresmakter.

– Klart uttrykk

– Eg trur ikkje det er tvil om at vår tone har vore klart uttrykt overfor kongolesiske styresmakter. Vi har gitt klart uttrykk for at Moland og French ikkje har vore på oppdrag for Norge og at vi ikkje aksepterer delane av dommen som inneber ansvar for den norske stat, seier han.

– Kongolesiske styresmakter har heller ikkje følgt opp spionasjepunktet i dommen overfor Norge, seier Elsebutangen.

Han understrekar også at Kongo-saka ved fleire høve har vore oppe på politisk nivå.

– Saka har vore høgt prioritert og har vore teke opp på politisk nivå ei rekkje gonger. Vi held fram med å jobbe for ei løysing med kongolesiske styresmakter som inneber at Moland og French kan returnere til Norge, seier han.

Forstår kritikken

Moland og French har site fengsla i Kongo i over tre år. UD har måtte tole tøff kritikk frå pårørande, noko Elsebutangen forstår.

– Det er ikkje tvil om at det har vore store utfordringar og det er veldig lett å forstå frustrasjonen dei to i Kongo og familie og vener her i Norge kjenner på. Samstundes er det slik at vi berre kan jobbe langs fleire spor og håpe på ei løysing så snart som mogleg, seier han.

– Så lang tid som dette har teke tyder openbart på at dette ikkje er lett, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %