Jobba som jordmor i Syria: – Eg har sett mykje glede

Sonja Kalsvik (32) frå Søgne har jobba som jordmor i krigsherja Syria i to månader. På fødestova, som er ein ombygd kyllingfabrikk, har ho sett lyspunkt i ein elles mørk kvardag.

Sonja Kalsvik

Sonja Kalsvik har jobba som jordmor i Syria i to månader. No er ho tilbake i Norge, men ho er klar på at ho ynskjer å reise tilbake.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

– Eg har møtt menneske som er i ein vanskeleg situasjon. Likevel har eg sett mykje glede. Å møte stolte pappaer som får sjå sonen sin for første gang, eller halde dottera si. Eg har sett mykje av gleden også, seier Kalsvik til NRK.no.

Jordmora har vore på oppdrag for «Leger uten grenser» i to månader og har akkurat komme tilbake til Norge.

1300 drepne onsdag

Onsdag kom det fram at syriske aktivistar anklaga Assad-regimet for omfattande angrep med kjemiske våpen aust i Damaskus. Over 1300 menneske skal ha blitt drepne.

– Det er vanskeleg å seie om det er noko i dette. Det har vore rykter om kjemisk krigføring tidlegare også. Eg såg ingen bevis på at det skjedde. Dersom det viser seg å vere riktig er det uendeleg trist for sivilbefolkninga. Det er også ei forverring av konflikta, seier Kalsvik.

Etter opphaldet i det krigsherja landet hadde ho ei veke på stranda i Hellas saman med familien. Her har ho fått tid til å fordøye inntrykka.

– Det var ein veldig utfordrande jobb, men også veldig gøy. Eg er kjempetakksam for å ha fått moglegheit til å gjere dette, seier ho.

– Har de utstyret de treng for ein fødsel?

– Eg hadde det eg trengde for å gjere ein normal fødsel. Vi hadde også eit kirurgisk team og kunne gjere keisersnitt. Men vi når veldig få. Dei vi ikkje når har ingenting, seier ho.

Vil tilbake til Syria

I løpet av dei to månadene ho var i Syria tok ho imot mellom 50 og 70 barn. Ein kyllingfabrikk ombygd til eit provisorisk sjukehus gjorde fødslane trygge for både mor og barn.

– Det er nok ikkje sterilt, men det er reint. Operasjonsstova er inne i eit oppblåsbart telt. Det er så provisorisk som det kan, men vi har det vi treng for å redde liv og vi har det vi treng for å yte god og ok helsehjelp, seier ho.

– Eg mista ingen barn som ikkje ville ha døydd her i Norge, seier ho.

I periodar har ho jobba heile døgnet. Trass i mykje jobbing er ho klar på at ho vil tilbake.

– Eg håpar å reise tilbake i oktober. Det er ikkje sikkert endå, men vi jobbar for å få det til, seier ho.