Hopp til innhold

– Opprykk hadde vore ganske sjukt

FK Jerv tok sin tredje strake siger då dei slo Raufoss 4-0 på heimebane søndag. No er laget for fullt med i oppykkskampen.

Andreas Hagen, FK Jerv

Andreas Hagen og Jerv-spelarane jublar for 1-0-scoringa mot Raufoss.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er slike kampar som avgjer til slutt. At vi ikkje slepp oss ned, spelar jamnt og kanskje tapar knepent. Det er slike kampar ein øydelegg for seg sjølv, seier Jerv-trenar Arne Sandstø til NRK.

– Trur du vi ser Jerv i eliteserien neste år?

– Eg har aldri hatt tru på det. Men eg er veldig glad for at folk rundt oss byrjar å drøyme om både det eine og det andre. Så får vi sjå kva det blir til slutt. Men vi kan kun vere gode mot Levanger neste helg, seier Sandstø.

13 strake utan tap

Etter ein rufsete start på sesongen har 1. divisjonsklubben verkeleg funne forma.

Grimstad-klubben står bokført med berre eitt tap på dei 13 siste kampane.

– Med ein gang vi trur at vi er betre enn vi er, så går det rett vest. Målet vårt er å vinne flest mogleg kampar. Som sagt før; det viktigaste er at spelarane har veldig tru på at vi kan vinne kvar kamp. Vi er ekstremt godt budde, seier trenaren.

Intervju med Jerv-trener Arne Sandstø etter seieren mot Raufoss.

Sjå intervju med Jerv-trenar Arne Sandstø etter sigeren mot Raufoss.

Fire scoringar

Det tok berre 12 minutt før Jerv fekk hol på byllen på eige gras mot botnlaget Raufoss. Andreas Hagen nikka ballen i mål på ein corner, og sende laget eitt steg nærare draumen om opprykk.

– Det hadde vore ganske sjukt for heile Grimstad by trur eg. Alt er mogleg, men då må vi halde fram med å levere. Det er lenge igjen, seier Hagen.

Eitt minutt på overtid i første omgang kopierte Michael Ogungbaro lagkamerat Hagen. Nigerianaren sette pannebrasken på ballen som gjekk rett i mål i lengste hjørne.

Sju minutt før slutt scora Papa Sow scora sitt første mål for klubben. Fem minutt seinare la Ulrik Berglann på til 4-0 for heimelaget.

Intervju med Jerv-spelar Andreas Hagen etter sigeren mot Raufoss.

Sjå intervju med Jerv-spelar Andreas Hagen.

Snusar på direkte opprykk

Sesongens 10. siger gjer at laget klatrar til 3. plass på tabellen. Klubben ligg berre to poeng bak Sandefjord på direkte opprykk til eliteserien.

Klubben står med seks strake kampar utan tap. Førre tap var mot nettopp Sandefjord på bortebane 26. juni.

Neste kamp er borte mot Levanger. Trøndarane som ligg på 4. plass på tabellen, eitt poeng bak Jerv.

Laster innhold, vennligst vent..
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %