Hopp til innhold

Jaktar 250 år gamle furutre til stavkyrkje

Har du ei gammal furu som er meir enn 250 år på tomta eller garden din? Da kan det vere aktuelt å bruke ho til å byggja ei ekte stavkyrkje.

Stavkirke modell

Dette er ein litt eldre modell av stavkyrkja som skal byggjast på Rysstad i Setesdal.

Foto: NRK

– I moderne skogsbruk vert tre hogde før dei er så gamle som vi ønskjer å ha dei. Alder er difor noko av det fyrste vi ser etter, seier Anders Dalseg.

Han er fagansvarleg ved Setesdal bygningsvernsenter ved Setesdalsmuseet.

På ei kolle på Rysstad i Setesdal er det lagt planar for å byggje ei stavkyrkje på gamlemåten.

Les også Sandra (35) har fått eit oppdrag som ingen har gjort på 1000 år

Sandra Birkenes, Prosjektleder stiftelsen Setesdal stavkyrkje

Arbeidet med sjølve kyrkja skal etter planen starte i 2024, men allereie i haust skal Dalseg og kollegaene hans jakte furutre som kan brukast.

Dei må altså minst vere 250 år gamle.

– Kvifor?

– Når trea vert gamle får utsida litt andre eigenskapar og blir meir varig, forklarar Dalseg, som kjem til å bli sentral i bygginga av den nye stavkyrkja.

Det var avisa Setesdølen som omtala saka først.

Anders Dalseg viser hvordan øksen fra 1200-tallet fungerer

Anders Dalseg viser korleis øksa frå vikingtida fungerer. I bakgrunnen ligg tømmer funne lokalt frå 1200-talet.

Foto: Mairi Macdonald / NRK

På leit i Setesdal

Bygningsvernsenteret er no i gang med å kartlegge plassar dei kan finne aktuelle furutre.

Dei tek blant anna kontakt med grunneigarar i området.

– Ein del har også teke kontakt. No håper vi fleire vil ta kontakt slik at vi kan sjå på tre og røter, seier Dalseg.

Her skal ny stavkirke ligge

Her skal stavkyrkja byggjast i Valle.

Foto: Tom-Richard Hanssen Olsen / NRK

Dei er interesserte både i enkelttre og fleire tre. Aller helst skal trea vere frå Setesdal.

– Det er her kyrkja skal byggjast så vi startar å studere i Setesdal. Må vi lenger av garde kan Telemark vere aktuelt.

Tømmeret skal til og med transporterast med hest, ikkje traktor.

Les også Sliter med å finne godt nok tømmer til restaurering

Garmo stavkirke - Maihaugen

Treng ei, svær fin furu

Dalseg ved Setesdalsmuseet fortel at fleire av dei som dei kontaktar gir uttrykk for at det er stas at trea deira vert brukte i ei stavkyrkje.

Blant anna må det til ei stor, kjempefin furu for å skjære ut Hylestadportalen på nytt. Det blir gøy å finne og levere, håpar eg.

Han seiar at tømmeret skal hoggast seinhaust og vinter i år på frosen mark.

Dette for å attskape slepespor i stokkane.

Bilde av område hvor Hylestad stavkirke en gang sto

På dette jordet stod Hylestad stavkyrkje fram til 1664 då ho vart riven. Rysstad sentrum og riksveg 9 ligg rett over elva.

I mellomalderen var det over 1000 stavkyrkjer i Noreg, men mange av dei lei same skjebne som Hylestad stavkyrkje.

No er det berre 28 att, og kunnskapen om desse mellomalderbygga held på å døy ut.

Borgund stavkyrkje frå år 1181 framstår i dag som ei av dei best bevarte stavkyrkjene i landet.

Nettopp difor skal det byggjast ein rekonstruksjon av denne kyrkja i Setesdal.

Kostar 112 millionar

Trua på at denne stavkyrkja kan bli ein realitet har auka hos både fagpersonar og lokalbefolkninga.

Men auka har også budsjettet. Med nesten tregongen. Frå 40 til 112 millionar kroner.

Prosjektleiar Sandra Birkenes har tidlegare uttalt til NRK at ein no vil lære meir om ein handverkstradisjon som held på å døy ut.

Maskinhøvelen blir erstatta med øks.

Dei står også føre eit omfattande treskjeringsarbeid.

Prosjektet vil gi arbeidsplassar til bygda, engasjement for gammalt handverk, bevare lokalhistorie og ikkje minst auke turismen, ifølgje Birkenes.

Bygginga skal ta seks år og nesten 1000 handverkarar vil vere involverte.

Sandra Birkenes i stiftelsen Setesdal stavkyrkje

Sandra Birkenes starta nyleg i jobben som prosjektleiar i stiftelsen Setesdal stavkyrkje.

Foto: Mairi Macdonald / NRK

I starten var dette berre eit lokalt prosjekt.

Ein modell vart bygd og ein fagdag vart halde for å skape entusiasme rundt prosjektet.

Tilfeldighetene ville det slik at Norsk handverksinstitutt samtidig var på leiting etter ei tomt som dei kunne byggje ei stavkyrkje på.

Dalseg gler seg til å formidle vidare kunnskap til yngre handverkarar.

– Det er det største prosjektet nokon gong gjort på tradisjonshandverk. Det blir utruleg stort, og det ypparste du kan vere med på i tradisjonsyrket, har han tidlegare uttala til NRK.

Hei!

Tenkte du på noe spesielt da du leste denne saken? Eller har du lyst til å tipse meg om en annen sak? Ta kontakt! 

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %