Hopp til innhold

Full isfront mellom Marcussen og friidrettsforbundet

Friidrettsforbundet ville prøve å overtale sjukjempar Ida Marcussen til å delta i NM på heimebane. Etter å ha ringt fleire gonger og lagt igjen fleire beskjedar på telefonen til Marcussen og trenar Lukas Udelhoven gav friidrettspresidenten opp.

Ida Marcussen og Svein Arne Hansen

UTILGJENGELEG: Friidrettspresident Svein Arne Hansen forsøkte å nå Ida Marcussen og trenaren hennar fleire ganger for å få henne med i NM.

Foto: Scanpix

– Eg har forsøkt å ringe og snakke med dei, men tydlegvis ynskjer dei ikkje å snakke med meg. Det har aldri skjedd før. Eg har snakka med utøvarar i nesten 50 år og det er ingen som hittil har nekta å snakke med meg før dette, seier friidrettspresident Svein Arne Hansen til NRK.no.

Onsdag vart det klart at Ida Marcussen droppar NM på heimebane i Kristiansand og heller reiser til utlandet for å konkurrere. Marcussen sa i går nei til å stille opp til eit TV-intervju med NRK, og seinere var ho ikkje tilgjengeleg på telefon.

– Underleg reaksjon

– Du ringer og legg igjen beskjed til Udelhoven og det er ingen reaksjon. Eg tykkjer det er ein meget meget underleg reaksjon, seier Hansen.

Trenar Lukas Udelhoven nektar for at duoen har gjort seg utilgjengeleg for friidrettspresidenten.

– Då har han kanskje ikkje telefonnummeret mitt. Eg er veldig open for ein dialog, seier Udelhoven.

– Eg har faktisk ein vond følelse for at vi ikkje stiller opp i NM. Vi hadde absolutt lyst til å bidra der. Eg har stor forståing for at mange er skuffa, både sponsorar og familie som hadde lyst til å komme og heie og sjå på Ida, seier trenaren.

Ida Marcussen

SKUFFA: Det langsiktige målet til Ida Marcussen var medalje i London-OL. Kristiansandaren enda på 27. plass.

Foto: PHIL NOBLE / Reuters

– Har ikkje krefter

Udelhoven seier at det var vanskeleg å droppe NM i Kristiansand, men at dei heller ville gjennomføre ein sjukamp, enn å konkurrere i enkeltøvingar på heimebane.

– Ida har ikkje meir krefter enn ho har og ho treng ein pause. Då er det å velje anten ein sjukamp eller enkeltøvingar i NM. Det er det, seier Udelhoven.

Friidrettspresidenten trudde at dei kunne nekte norske utøvarar å delta i stemner i utlandet samstundes som Norgesmeisterskapet blir arrangert. Men det er berre to nasjonar i Europa som har moglegheit til dette.

No har Svein Arne Hansen sett i gang ein prosess for å få lov til dette. Det kan bety strengare reglar for å unngå at dei beste norske friidrettsutøvarane skal droppe NM i framtida.

Varslar strengare reglar

– Vi har dessverre ikkje sanksjonsmoglegheiter til å nekte henne å delta i utlandet samstundes med hovudmeisterskapet. Vi har sett i gang ei utgreiing på dette. Dette skal vi ikkje ha noko meir av, seier Hansen.

I 2009 braut Ida Marcussen og trenar Lukas Udelhoven med friidrettslandslaget. Friidrettspresidenten trur eit framtidig landslagssamarbeid kan bli vanskelegare.

– Det er ikkje eg som tek ut til landslag, det er sportssjef Ronny Nilsen, men det er klart at det er vel ingen god søknad, seier Hansen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,85 kr
Dyrest kl. 08 1,73 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %