Hopp til innhold

Imponert over eigne spelarar

ØIF Arendal-trenar Leif Gautestad var mektig imponert over eige mannskap i kvartfinalen mot Viking Stavanger. ØIF vann 28-22 og sikra dermed plass i semifinalen.

Svenn Erik Medhus og Andre Jørgensen Hofstøl (ØIF Arendal)

FÅR SKRYT: Målvakt Svenn Erik Medhus får skryt av sjefen etter ein ny sterk kamp. Til høgre ser du Andre Jørgensen Hofstøl.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi har eit internasjonalt snitt over det vi gjer defensivt, og vi har ei målvakt som held høg internasjonal klasse. I tillegg kontrar vi bra og vi spelar god angrepshandball, seier Gautestad til NRK.no.

Sjanselause

Viking Stavanger var sjanselause mot eit sterkt ØIF Arendal i Nedeneshallen onsdag kveld. Allereie etter fem minutt leia arendalittane 6-0.

– Vi gjekk til pause med 18-8 leiing. Kampen var allereie avgjort. Dermed vart det så som så i andre omgang, men første omgang var det høg klasse over, seier trenaren.

Defensivt verka arendalittane tryggare enn nokon gang. Bakerst stod Svenn Erik Medhus ein ny kjempekamp.

Eirik Heia Pedersen, ØIF Arendal

GOD: Eirik Heia Pedersen i angrep for ØIF Arendal.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Beste keeperen i eliten

– Svenn har utan tvil vore den beste målvakta i eliteserien denne sesongen, seier trenaren.

I semifinalen i Drammenshallen 29. april, kan ØIF Arendal møte seriemeister Haslum, Drammen eller Elverum.

– Det vert ei kjempeutfordring. Det er tre lag som har teke fleire poeng enn oss i serien. Samstundes har vi vist at vi kan utfordre dei. Vi er både stolte, audmjuke og glade for at vi har nådd målsettjinga vår å komme til semifinale, seier Gautestad.

Trekninga av semifinalane skjer torsdag.

Håvard Augensen, ØIF Arendal

FERDIG: Håvard Augensen spelte sin siste kamp i Nedeneshallen onsdag. Augensen blir ikkje med ØIF Arendal neste år.

Foto: Sander Heggheim/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %