Hopp til innhold

Ho kan bli årets gründerkvinne

Annette Skeie Jakobsen frå Kristiansand kan få pris for utvikling av ein tryggleiksalarm gjennom smarttelefon for kronisk sjuke.

Annette Skeie Jakobsen

NY PRIS? Annette Skeie Jakobsen kan stikke av med prisen Årets gründerkvinne. På bilete sit ho med IT-prisen Rosings Kreativitetspris som ho vann i fjor.

Foto: Mairi Macdonald/NRK

Ho er nominert som ein av seks finalistar og kan bli Årets gründerkvinne 2013. Det er Innovasjon Norge som står bak kåringa.

– Fantastisk. Det er kjempegøy og ei ære å få lov til å konkurrere i ein finale, seier Skeie Jakobsen til NRK.no.

Ein million i premie

Vinnaren får ein million kroner til eit vekstprosjekt i bedrifta si.

– Dersom vi vinn har eg gode planar for kva pengane skal brukast på. Førebels er dette hemmeleg, men det er eit produkt som vil vere med på å redde menneskeliv over heile verda. Det er ei ny teneste til mobiltelefonen, fortel ho.

I fjor sommar lanserte firmaet hennar SmartCare ein eigen App som heiter DiabetesGuard. Appen varslar ifrå til dei næraste dersom ein får diabetesanfall og du ikkje er i stand til å ta hand om deg sjølv.

I november i fjor vann ho den nasjonale helseprisen for tenesta.

Usikker på vinnarsjanse

Sjølv er ho usikker på kor stor sjanse ho har til å vinne prisen som årets gründerkvinne.

– Eg har aldri vore så nær å vinne ein million før. Det er heilt sikkert. Men det er veldig flinke damer eg konkurrerer med. Eg veit at ho eine har eit genialt produkt. Dei andre veit ikkje kven er, seier Skeie Jakobsen.

– Uansett er det positivt å vere i ein finale. Då får vi omtale kring produktet vårt, og fleire får vite om det. Om vi vinn er det heilt fantastisk. Viss ikkje vinn nokon andre, som fortener det meir enn oss, seier ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %