Hopp til innhold

Jannicke gløymer aldri dagen då Stine Sofie vart drepen

Nesten 13 år etter Baneheia-drapa minnest Jannicke Flo venninna som alltid hadde smil og latter på lur. No gruar ho seg til gjerningsmennene slepp ut av fengsel.

Jannicke Flo

Jannicke Flo legg ned ei raud rose på grava til Stine Sofie. Kvar bursdag og jul er ho her for å minnast venninna.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er rart kor mykje ein får med seg når ein berre er 9 år gammal, seier Jannicke til NRK.no.

Stine Sofie Sørstrønen

Stine Sofie Austegard Sørstrønen vart drepen i Baneheia.

Foto: Privat / SCANPIX
Stine Sofies begravelse

Ada Sofie Austegard tek farvel med dottera i begravelsen i Fjære kirke 30. mai 2000.

Foto: Richardsen, Tor / NTB scanpix

Kristiansand 19. mai 2000: Dagen som for alltid skal prege livet til 9 år gamle Jannicke Flo. Stine Sofie Sørstrønen (8) og Lena Sløgedal Paulsen (10) blir meldt sakna etter ein badetur i Baneheia berre eit steinkast unna sentrum.

Etter intens leiting i to dagar med fleire hundre frivillege blir jentene funne brutalt valdtekne og drepne ved badeplassen 2. Stampe.

– Eg forstod det jo, men eg forstod nok ikkje alt. Eg visste at det hadde skjedd noko fælt og at ho ikkje kom tilbake. Det hugsar eg var ein rar tanke. Eg fekk vite at det var nokre menn som hadde vore slem med ho, seier Flo.

Mørkeredd i fleire år

Dei to jentene skal ha blitt lokka inn i eit skogholt for å sjå på kattungar. Dette hugsar Jannicke at foreldra hennar tok opp med ho.

– Dei var nøye med at vi ikkje skulle bli lokka med ting. Vi måtte ikkje snakke med frammande, seier ho.

Det er ingen tvil om at drapet på venninna har prega Jannicke i oppveksten. Fram til ho var 14-15 år måtte ho sove med lyset på. Framleis vegarar ho seg for å gå aleine i skogen.

– Eg var veldig mørkeredd. Det var rett og slett berre skummelt. Berre kjensla over å ikkje vite kva som var i rommet. Eg måtte sjå om det kom nokon. Det var nok mest det, seier ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ho hugsar spesielt dagen då 8-åringen vart drepen. Ho og ei anna venninne, Mari, sprang over jorda for å besøke Stine Sofie. Dei var på rommet hennar og leika. Veslesystera på eitt år sprang rundt, medan mora til Stine Sofie las ei bok.

– Stine Sofie stod på hovudet oppetter eit skap. Det var kaos, men vi hadde det gøy. Så måtte ho reise til faren i Kristiansand, og vi gjekk heim. Det var siste gang eg såg ho, fortel 21-åringen.

Dagen etter kom beskjeden om at Stine Sofie og Lena Sløgedal Paulsen var meldt sakna. Dei kom aldri heim frå badeturen i Baneheia.

– Vi levde jo i håpet om at dei berre hadde gått seg vill, seier ho.

Jannicke Flo

Jannicke Flo besøkjer grava til Stine Sofie Austegard Sørstrønen ved Fjære kirke i Grimstad.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Roser og lys

Grimstad 23. januar 2013: Ho går ut av ein svart Audi på parkeringsplassen ved Fjære kirke, ikkje langt unna Grimstad sentrum. I handa har ho ei raud rose og eit bilete av venninna Stine Sofie. Ho er ikkje lenger eit barn, men ei vaksen kvinne, som måtte vekse opp med ei venninne mindre.

Vi skal besøke grava til venninna som vart brått teken ifrå ho. Gradestokken viser ti kalde. 21-åringen er ein av dei trufaste som besøkjer grava til Stine Sofie. Kvar bursdag og jul er ho på kyrkjegarden for å leggje ned blomster.

– Dei første åra gjekk eg saman med mamma. Vi snakka litt om det som skjedde, la ned ei rose og tende lys. Det er viktig for meg å vise at vi tenkjer på ho, seier Jannicke.

Vi går inn kyrkjeporten. Sola har akkurat gått ned og det er krittkvit snø over alt.

– Forstod det med ein gang

Etter ei massiv mediedekning som følgde leiteaksjonen gjennom to dagar kom beskjeden. Stine Sofie og Lena var funne døde.

– Eg hadde lagt meg då mamma kom inn på soverommet. Ho gret og fortalde at dei var funne. Då forstod eg med ein gong at det ikkje var bra. Tårene trilla og vi snakka litt og prøvde å sove litt. Dagen etter var det minnemarkering på skulen, fortel Jannicke.

Vi må gjennom snømassane for å komme til grava til Stine Sofie. Det har falle mykje snø på Sørlandet denne vinteren. Det er nedsnødde gravsteinar rundt oss på alle kantar. Nokre spor er det i snøen, etter folk som har besøkt gravene til sine kjære. Omtrent midt på kyrkjegarden ligg grava.

– Det er den med det treet som stikk opp ved sidan av gravsteinen. Der borte, peikar Jannicke.

Snøen går over skoa og kulda bit seg fast i føtene. Målet nærmar seg. Gravsteinen er delvis dekka med snø, men namnet Stine Sofie i gullskrift lyser imot oss. Til venstre er det eit bilete av den åtte år gamle jenta.

– Eg trur eg må pusse bort litt snø før eg legg ned rosa, seier Jannicke.

Ho blir stille og tankefull. Minnene frå barndomsleiken kjem tilbake. Turntreningane, smil og latter.

Stine Sofie Sørstrønen og Lena Sløgedal Paulsen

Stine Sofie Sørstrønen (t.v.) og Lena Sløgedal Paulsen vart drept i Baneheia i mai 2000.

Foto: Privat / NTB scanpix

– Varmar utruleg

I det fjerne høyrer vi lyden av stavtak og ski som glir gjennom laussnøen. Lyden kjem nærare og nærare og er tydeleg inne på kyrkjeområdet.

– Hoi hoi, her er eg, ropar ei stemme 30-40 meter unna.

– Der er ho. Det er så typisk ho. Ho har så mykje energi, ler Jannicke.

Kvinna ho snakkar om er mor til Stine Sofie. Mora som måtte gravleggje si eiga dotter berre åtte år gammal. Ada Sofie Austegard som på imponerande vis ber minnet til dottera gjennom Stine Sofies Stiftelse. Berre månader etter dei brutale barnedrapa, som rysta ein heil nasjon, vart stiftinga etablert.

I 2013 er det fem heiltidstilsette i organisasjonen som har tilhald i Grimstad, ikkje langt unna kyrkjegarden der Stine Sofie ligg gravlagd. Ada Sofie vedgår at ho ikkje besøkjer grava like ofte som før.

– For meg er det ikkje her Stine Sofie er. Ho er i hjartet mitt og er med meg heile tida, seier mora.

Ada Sofie vert avbroten. Telefonen ringjer. Skistavane gjer det ekstra vanskeleg å få tak i telefonen, men etter litt får ho tak i den. Ho presenterer seg og pratar i kanskje eit halvt minutt.

– No vil dei ha meg til Oslo igjen. Eg har vore der allereie to gonger denne veka. Denne gongen var det ein TV-debatt, seier Ada Sofie som har blitt eit kjent ansikt.

Ho legg telefonen i jakkelomma og vender blikket mot Jannicke. Ho vert møtt av eit smil.

– Det varmar utruleg at Jannicke er på grava og hugsar på Stine både jul og bursdag. Det har gått mange år no, og dei første åra var det mykje merksemd rundt grava til Stine. Etterkvart dabbar det av. Det er naturleg, seier ho.

Jannicke Flo og Ada Sofie Austegard

Ada Sofie Austegard (t.h) er glad for at Jannicke tek seg tid til å besøke grava til dottera.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Prøvde å fylle dagen

Men det har ikkje berre vore enkelt for Ada Sofie å sjå at Stine Sofie sine barndomsvener veks til. Dei har runda 20 år, fått lappen, mange studerer og nokre har fått seg kjærastar.

– Det var godt og vondt å følgje oppveksten til venninnene. Konfirmasjonsdagen var tøff. Då var eg oppe på grava tidleg på dagen og la ned ein blomst og prøvde å fylle dagen med noko positivt, men det var vanskeleg, seier ho.

– Det gjer godt å sjå alt dei får oppleve, samstundes som det gjer vondt å tenkje på alt det Stine ikkje får oppleve, seier ho.

Vi svingar ut frå kyrkjegarden. Jannicke køyrer først, eg følgjer bak. Vi tek første veg til venstre, ned mot sentrum. På dei store jordene, der Jannicke og venninna Mari sprang på veg til Stine Sofie for snart 13 år sidan, ser vi Ada Sofie i lett diagonalgang bortover sletta.

Gruar seg til drapsmennene er ute

Jan Helge Andersen

Jan Helge Andersen vart dømd til 19 års fengsel for valdtekt av begge jentene, og overlagt drap på Stine Sofie Sørstrønen.

Foto: Privat
Viggo Kristiansen

Viggo Kristiansen vart dømd til 21 års forvaring for valdtekt og drap av dei to jentene.

Foto: NTB scanpix

Jan Helge Andersen og Viggo Kristiansen vart dømde til 19 og 21 års fengsel for valdtekt og drap på Stine Sofie og Lena. Førstnemnde vil truleg vere ute av fengsel i løpet av kort tid. Kanskje er det snakk om berre månader før han er ute.

Kristiansen har ei rekkje gonger forsøkt å få saka opp i rettssystemet på nytt. I mars i fjor avgjorde Høgsterett at Kristiansen ikkje får ta saka si opp igjen.

Vi sit på ein kafé på Oddensenteret i sentrum av Grimstad. Innerst inne i eit hjørne. Vinterkulda er bytt ut med ein varm kopp kakao. Diffust i bakgrunnen høyrer vi folk som pratar.

Jannicke nøler når ho skal snakke om mennene som tok livet av venninna. Smilet er borte.

– Altså… Eg tykkjer ikkje at dei skal sleppe ut i det heile. Eh… Dei bør berre halde dei der inne. Dei…tok liv…og var brutale. Eg tykkjer det er heilt sjuk at dei let dei gå. Det skulle ikkje vore slik. Det skulle ha vore strengare straffer, seier ho.

– Korleis trur du at du hadde reagert om du trefte ein av dei på gata?

– Eg veit ikkje heilt. Eg trur eg hadde gått i eit sjokkmodus. Eg trur eg hadde snudd på hælen. Eg hadde ikkje gått forbi. Eg håpar ikkje det skjer, seier ho.

Ho tek ein slurk av den varme kakaokoppen. Tanken på kva venninna vart utsett for smertar framleis. Under begravelsen la ho ei siste helsing på kista til Stine Sofie.

– Eg hugsar at eg skreiv i eit brev at eg håpar at ho har det bra no, og at vi kjem til å sjåast att, seier ho.

– Trur du framleis det?

– Ja, det gjer eg, smiler ho.

Jannicke Flo

Jannicke tykkjer det er vanskeleg å snakke om Jan Helge Andersen og Viggo Kristiansen som er dømde for drapa.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %