Hopp til innhold

Har blitt Norges tredje største klubb

Kristiansand Ishockeyklubb har vokse på rekordtid og er ein av landets største breiddeklubbar. No får klubben skryt av toppane i Norges Ishockeyforbund.

Hockeyskolen på Idda Arena

Ishockeyklubben i Kristiansand er no Norges tredje største breiddeklubb.

Foto: Kai Stokkeland

– Det seier mykje om klubben. Dei har flinke leiarar, er flinke til å rekruttere og skape aktivitet, seier president i Norges Ishockeyforbund, Gerhard Nilsen til NRK.

Gerhard Nilsen

President i Norges Ishockeyforbund, Gerhard Nilsen.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK
Ottar Eide

Generalsekretær i ishockeyforbundet, Ottar Eide.

Foto: Anne-Cathrine Reuterdahl / NRK

– Det er strålande og moro å sjå korleis klubben veks, seier generalsekretær i ishockeyforbundet, Ottar Eide.

Frå 17 til 459 medlemmar

Ved sist teljing hadde klubben 459 medlemmer. Det er ei enorm auke frå 2011 då ishallen på Idda opna. Då viste medlemslista 17 medlemmer.

I staden for å bygge eit topplag på raskast mogleg tid har klubben satsa tungt på breidde. Dei har mange aktive i dei unge årsklassane.

– Har du ein driftig klubb med ei driftig leiing, så kjem ungane. Det er Kristiansand eit godt døme på, seier Eide.

Måndag skreiv NRK at ishallen på Idda skal halde open gjennom heile sommaren. Der skal klubben mellom anna arrangere ishockeyskule.

– Sommaropen hall vil løfte nivået. Dette har vore eitt av mine store mål. Å få på plass ein hall og utnytte kapasiteten maksimalt i hallen, seier dagleg leiar i ishockeyklubben Tor Anders Nodeland.

Kan få landskamp til Kristiansand

Stor pågang har allereie gjort at det vert snakka om å byggje endå ein ishall i byen, berre fire år etter opninga Idda.

Forbundstoppane rår ishockeyklubben til å bygge klubben stein på stein, og på sikt satse på å nå eliteserien.

– Det handlar om å drøyme sakte. Ein må ha eit sportsleg fundament og breidde å byggje på. Så må du ha både økonomi og ein administrasjon som evnar å ta det vidare, seier Eide.

Klubben har også eit håp om å få arrangere landskampar på Idda i framtida. Dette har også vore diskutert på forbundsnivå.

– Ein A-landskamp må vi sjå på. Men vi har snakka om U20- og U18-landskampar. At det kjem ein landskamp til Kristiansand i framtida er eg heilt sikker på, seier ishockeypresident Nilsen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %