Hopp til innhold

Hundre hockeyfrelste kjempa på isen

Over hundre barn på åtte og ni år er samla i Idda Arena i Kristiansand for å spele ishockey denne helga.

Over hundre unge håpefulle ishockeyspillere fikk prøvd seg mot hverandre på Idda i Kristiansand.

Sjå video frå Idda Arena i Kristiansand.

Espen Schou Nilsen

Espen Schou Nilsen.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK

– Det er veldig gøy å vere trenar for så små ungar. Det er første gang vi har ei slik turnering i eige hus, seier trenar Mike Befis til NRK.

Til saman skal det spelast 40 kampar i løpet av helga. Det er lag frå Kristiansand, Stavanger og Haugesund som deltek i turneringa.

– Eg trur ikkje det er nokon annan idrett der du treng så stor kroppsbeherskelse som her. Det anbefalast og gjer barna ei stor meistringskjensle, seier trenaren.

Etter at Idda Arena vart opna i 2011 har hockeyinteressa i Kristiansand skote fart. Men det er utfordrande å skaffe motstandarar for laga i Kristiansand.

– Vi manglar klubbar i nærområdet. Det er store reiseavstandar når vi skal spele kampar, seier turneringsansvarleg Espen Schou Nilsen.

No ynskjer han seg fleire ishallar i landsdelen.

– Vi treng klubbar å spele mot i regionen. Gjerne i Mandal, Grimstad og Arendal, slik at vi har nokon å kjempe imot, seier Schou Nilsen.

Ishockey på Idda Arena

Nokre av dei unge håpefulle ventar på sin tur til å gå ut på isen.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %