– Eg har ordna det slik dei siste seks åra at eg alltid har tidlegvakt på jobb onsdagane i tilfelle ØIF spelar bortekamp, ler Kari Sunde.
Saman med Jørn Holmestrand er ho ei av eldsjelene bak supportarklubben til eliteserieklubben.
Kurtovic imponert
I den sjette strake sesongen i eliteserien har ØIF no ein av dei største og mest synlege supportarklubbane i norsk handball.
Dei er i ferd med å utfordre Elverum sin supportarklubb, Taigan, som også har skapt god stemning på arenaene i fleire år.
– Eg er djupt imponert av innsatsen dei legg ned på fritida si med fulltidsjobb ved sidan. Dei får med seg og inspirerer andre til å lage stemning på kampane. Dei gir oss det vesle ekstra som skal til for å vinne kampar, seier ØIF-trenar Marinko Kurtovic.
Trenaren har sjølv engasjert seg for å få eit livleg supportarmiljø i Arendal. Då han vart tilsett i klubben i mai etterlyste han meir «balkan»-stemning på tribunane.
– Det er veldig hyggeleg at Marinko trivst med engasjementet vårt. Det blir mange timar på ØIF. Det er ikkje alltid frua er like glad når eg går ut døra, ler Holmestrand som ikkje fekk fri frå jobb til å reise til Lillestrøm.
Vil aldri avlyse bortetur
Onsdag ettermiddag set kring 30 ØIF-supporterar seg på bussen til Lillestrøm. Arendalittane spelar om plass i semifinale i cupen. På bussen ventar kaffi, kaker, song og opplading til kveldens cupkamp.
– Onsdag er ein vanleg arbeidsdag og det er ikkje alle som kan ta seg fri frå jobb. Men eg har som mål at vi aldri skal avlyse ein bortetur, seier Sunde.
– Vi er nærast som ein familie. Vi blir godt samansveisa når vi reiser i lag og støttar ØIF, seier ho.
Svermen har sett opp buss til alle bortekampar denne sesongen, bortsett frå kampane mot Fyllingen og Bodø.
– Likevel har vi hatt supporterar på plass der også. I Bergen var det ein bra gjeng. Det var til og med ein i Bodø, fortel Sunde.
- Les også: Beste sesongstart nokosinne for ØIF
Vil til cupfinale
ØIF Arendal har som mål å ta seg til cupfinalen for første gang. Neste hinder er altså den nyopprykka eliteserieklubben Lillestrøm på bortebane.
– Spelarane er nullstilte etter helgas kamp mot Nøtterøy. Vi må sette forsvaret og få i gang keeper Svenn Erik Medhus frå start. Vi er veldig motiverte, seier Kurtovic.
Han er klar på at eigne supporterar vil spele ei viktig rolle i Skedsmohallen.
– Støtta frå supporterane kan vere skilnaden på tap og siger. Så viktige er supporterane, seier Kurtovic som også har skrytt av Svermen på si private Facebook-side.
- Les også: Jubla for klubbrekord etter ny siger
Kvartfinalane i cupen:
- Bodø – Bækkelaget (17.30)
- Kolstad – Haslum (18.00)
- Drammen – Elverum (19.00)
- Lillestrøm – ØIF Arendal (19.00)