– Eg fryktar vel at det meste skal hamne i Kristiansand, og at vi ikkje får ha nokon ting att her i Aust-Agder, seier tillitsvald i NITO, Merete Varpe til NRK.
Fredag vart det klart at dei to fylkesembeta i Aust- og Vest-Agder skal slåast saman.
I første omgang skal det nye embete ha kontor både i Arendal og Kristiansand. I dag er det kring 100 tilsette ved fylkesmannen i Aust-Agder.
- Les også: Ønsker Djupedal som felles fylkesmann
Vil kjempe for arbeidsplassane
– Ein er veldig spent og det er ei viss bekymring for korleis det skal løysast praktisk. Det kjem til å gå veldig raskt. Det er berre eit drygt år til 1. januar 2016. Då skal ein ha samlokalisert avdelingane, seier tillitsvald i Naturviterne, Reidar Tveiten.
Ordførar i Arendal, Einar Halvorsen, er også uroa for arbeidsplassane i Aust-Agder, og at hovudkontoret hamnar i Kristiansand.
– Det var det første eg tenkte på då eg høyrde at dei to embeta skal slåast saman. Det kan eg seie, vi kjem til å kjempe for arbeidsplassane, seier han.
- Les også: Fryktar felles fylkesmann er eit steg på vegen mot eitt Agder
– Lyn frå klar himmel
Professor i statsvitskap ved Universitetet i Agder, Dag Ingvar Jacobsen, meiner at samanslåing av fylkesembeta er eit tydleg signal frå regjeringa.
Han meiner dette kan framskunde prosessen med kommunesamanslåing.
– Det kom som lyn frå klar himmel også for oss som har følgt prosessen ganske nøye. Dei viser at dei meiner alvor med samanslåinga. Dei går føre, seier Jacobsen.
Sjå intervju med Dag Ingvar Jacobsen.