Hopp til innhold

Fryktar denne skal føre til eksamensjuks

Har du med deg ei smartklokke på eksamen sit du i utgangspunktet på ei gullgruve for juks. No har fleire universitet innført klokkenekt under eksamen.

Smartklokke

Smartklokker utfordrar den klassiske eksamensmodellen. Men juks er ikkje synonymt med toppkarakter.

Foto: HANNAH KOLÅS / NRK

– Det er sjølvsagt ein risiko for fusk, seier eksamensleiar ved Universitetet i Agder, Linda Bø.

Ho fortel at det særleg på Campus Grimstad har vore ein snakkis om smartklokker. I fjor innførte dei klokkenekt under eksamen.

– I Grimstad har vi veggklokker i alle eksamenslokala, og difor kan vi be dei leggje frå seg klokkene. Vi har vurdert det dit hen at vi ikkje har kapasitet eller kompetanse til å sjå kva klokke som er kva.

Klokkenekt i Bergen

Sidan Campus Kristiansand ikkje har same tilgang på veggklokker i alle rom, kan ikkje dei innføre klokkenekt.

Knut Veium ved NTNU i Trondheim, fortel at dei ser på smartklokka som eit problem, men ikkje endå har innført eit forbod.

– Vi har ikkje gjort noko med det, men det må vi, seier han.

Ved Universitetet i Bergen står det i dei offisielle eksamensinstruksane at det ikkje er lov med smartklokker under eksamen.

Elskar smartutstyr

På eitt år auka salet av smartklokker i Noreg frå 80 000 i 2014 til 240 000 i 2015, ifølgje Stiftelsen Elektronikkbransjen.

Dette er ei auke på heile 200 prosent.

Leiar i Elevorganisasjonen, Kristoffer Hansen, ser ikkje på det som ei utfordring at det i teorien er 240 000 potensielle juksemakarar i kongeriket.

– Ein bør ikkje tenkje på smartklokker først og fremst som ei utfordring i prøvesituasjonar, men heller finne ut korleis vi kan bruke desse fantastiske nye moglegheitene til å lære meir.

Håper på tilpassa eksamen

– I utgangspunktet så er ikkje smartklokkene så ekstremt smarte endå, så det er litt avgrensa kva du kan bruke dei til. Men ein kan til dømes fylle den opp med utdrag frå skulebøkene slik det blir som ein slags jukselapp.

Det fortel teknologiansvarleg i NRK, Eirik Solheim.

Har du mobiltelefonen i eksamenslokalet, har du også moglegheit til å få informasjon frå Internett gjennom smartklokka.

Solheim seier teknologiske dingsar er ei utfordring for den klassiske eksamensmodellen, og at det stadig kjem nyvinningar på marknaden som gjer det vanskelegare å oppdage juks.

– Uansett korleis ein vrir og vender på det så er det nok betre å prøve å ha eksamenar som ikkje blir enklare å løyse sjølv om ein har tilgang til Internett.

Eirik Solheim, Redaktør for NRKbeta og prosjektleder i NRKs utviklingsavdeling

Teknologiansvarleg i NRK, Eirik Solheim, håper skulesystemet kan tilpasse seg den digitale kvardagen.

Ikkje automatisk toppkarakter

Linda Bø ved UiA seier dei har merka ei auke når det kjem til juks, hovudsakleg for plagiat.

Ho veit likevel ikkje kor mange som har juksa med smartklokker.

Men viss du likevel klarar å lure med deg smartklokka, er ikkje det einstydig med toppkarakter.

– Det er litt andre krav enn å berre hoste opp puggemateriale.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,17 kr
Dyrest kl. 08 2,04 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %