Hopp til innhold

Rådmannen frårår asylmottak

Rådmann i Valle, Eivind Berg, anbefalar politikarane til å seie nei til etablering av eit asylmottak på Valle Motell og Camping.

Eivind Berg

Rådmann Eivind Berg meiner politikarane bør seie nei til å etablere eit asylmottak i Valle.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

I innstillinga til utvalet som skal behandle saka i neste veke skriv rådmannen at etablering av eit asylmottak vil vere negativt for sentrum i Valle.

Rådmannen peikar mellom anna på at det vil vere negativt for Valle å ikkje ha eit overnattingstilbod i sentrum.

– Stor negativ verknad

– Valle kommune ynskjer å vere ein turistkommune og har i dag satsa mykje på dette. Det vil difor vere ei stor negativ verknad i arbeidet med å styrkje Valle som ein turistkommune at vi gjev dispensasjon til å drive anna verksemd på Valle motell enn camping, servering og overnatting, skriv rådmannen i innstillinga.

Tidlegare har fleire uttala seg negativt om etablering av eit asylmottak i kommunen. Mellom andre Gullsmedbedrifta Hasla AS, som meiner at eit mottak vil føre til store vanskar når dei skal marknadsføre seg som ei turistbedrift.

Også fleire politikarar har vore kritiske til planane om asylmottak. Varaordførar Nina Johnsen sa til NRK i oktober at dei vil satse på reiseliv.

– Vi har nyleg vedteke ein områdeplan der det er vedteke at vi ynskjer reiseliv og turisme i dette området, sa Johnsen.

– Vi er framleis særs skeptiske til å få eit så stort anlegg i umiddelbar nærleik til Valle sentrum, der vi har mange bedrifter som er avhengige av ei stor publikumstilstrøyming, sa ordførar Tarald Myrum (Sp).

Vil ikkje gi dispensasjon

I innstillinga skriv rådmannen også at eit asylmottak vil kunne gi nokre få fleire arbeidsplassar i kommunen. Men han meiner at dette ikkje er nok til å gi klarsignal til å starte opp eit asylmottak.

– Det å byggje ned turistverksemder i nærleiken av kommunesenteret kan føre til ei negativ utvikling for verksemder som vil byggje si marknadsføring på turiststaden Valle, skriv han.

– Det betyr at ein kan få ei kortsiktig auke på arbeidsplassar, men på sikt vil det bli ei negativ utvikling. Det er dermed ikkje slik at fordelane ved å gi dispensasjon er klart større enn ulempene, og det er dermed ikkje høve til å gi dispensasjon i denne saka, skriv Berg.

Valle motell 1

Valle motell, som blir vurdert gjort om til asylmottak.

Foto: Svein Sundsdal / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %