Hopp til innhold

Kritisk til asylmottak i Valle

Gullsmedbedrifta Hasla AS er særs kritisk til planane om eit asylmottak på Valle Motell. Bedrifta meiner eit asylmottak vil føre til store vanskar for dei når skal marknadsføre seg som ei turistbedrift.

Valle sentrum

Ørnulf Hasla er kritisk til planane om å etablere eit asylmottak på Valle Motell.

Foto: Odd Rømteland / NRK

– Dei som kjenner Valle veit at det er eit bittelite lokalsamfunn som vil bli særs prega av dette, seier Ørnulf Hasla i bedrifta til NRK.

I september kom det fram at dagleg leiar ved motellet, Jostein Kjelleberg, har vore i kontakt med Norsk Mottaksdrift AS om å starte eit asylmottak.

– Vi som driv næring i Valle sentrum har bygd stein på stein over mange år for å utvikle oss i forhold til reiselivet. Vi ser på det som særs vanskeleg å utvikle reiselivet, bygda og samfunnet vidare, seier Hasla.

Reaksjonen vart først publisert i ein artikkel på nettstaden til Agderposten. Bakgrunnen er eit brev Hasla har sendt til kommunen.

– Valle Motell er ein viktig aktør for overnatting i Valle sentrum, seier han.

– Hadde vi vore ein større kommune med eit meir etablert næringsliv hadde eg ikkje hadde problem med dette. Men vi er veldig små og sårbare, seier Hasla.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %