Hopp til innhold

Fotballtrenar dømt for fleire overgrep

Den tidlegare fotballtrenaren i 20-åra har bevisst utnytta barna si tillit, meiner retten. Nå er han dømt til fengselsstraff i over to år. Han får aldri jobba med barn igjen.

Ball

SEKSUELLE OVERGREP: Ein mann i 20-åra er dømt til to år og seks månader i fengsel for fleire seksuelle overgrep mot barn. Mannen var fotballtrenar i Lyngdal.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

Mannen i 20-åra er dømt for fleire seksuelle overgrep, handlingar og krenkingar mot barn. Barna var mellom 14 og 16 år då overgrepa skjedde.

I dommen står det at mannen misbrukte si stilling som fotballtrenar.

No får han to år og seks månader i fengsel, og får aldri lov til å ha frivillige verv eller leiarstillingar i organiserte fritidsaktivitetar for barn og unge i Noreg.

Han må også betala oppreisingserstatning til tre av dei fornærma.

Vi er kjend med dommen og vil bruke det to neste vekene til å vurdere om den skal bli anka, seier forsvarer Olav Sylte til NRK.

Påtalemyndigheita meiner dommen mot mannen i 20-åra er streng, men riktig.

– Me meiner tingretten på ein glitrande måte gjer greie for saka sine bevis, og kvifor dei har kome til det resultatet dei har gjort, seier politiadvokat Henrik Bjugan Hegdahl.

Henrik Hegdahl

Politiadvokat Henrik Bjugan Hegdahl.

Foto: Lars Eie / NRK

Dømt for overgrep mot sju barn

20-åringen var tiltalt for overgrep over lengre tid mot til saman åtte barn.

Mannen har heile tida nekta straffskyld.

Mannen blei frifunnen på eit av tiltalepunkta, som gjaldt sending av seksualiserte bilde på Snapchat.

Dermed er han dømt for overgrep mot totalt sju barn.

Vanskeleg tid for dei fornærma

Den tidlegare fotballtrenaren blei pågripen 20. august 2020. Dagen etter blei han varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod.

Bistandsadvokat Jorunn Karin Ingebretsen sa at det hadde vore ei lang og tung tid for dei fornærma i saka, då rettssaka starta mot slutten av april.

Politiet gjorde etter pågripinga ei rekke elektroniske beslag.

– Erfaringsmessig tar det noko tid å gå gjennom beslaga. Saka er prioritert og me ønsker å snakka med personar som har opplysningar, og som kan ha blitt utsett for noko, sa politiadvokat Henrik Bjugan Hegdahl til NRK i september 2020.

Les også: Fotballtrener siktet for seksuelle overgrep

Ball
Ball