NRK Meny
Normal

Første stikk til Vipers

VIPERS - TERTNES 27-22 (7-11): Vipers Kristiansand har fått eit godt utgangspunkt føre returmøtet mot Tertnes i Bergen.

Gunnar Pettersen Vipers mot Fredrikstad

Gunnar Pettersen og Vipers Kristiansand slo Tertnes for tredje gang denne sesongen.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

Vipers fekk ein fantastisk start på kampen og leia 4-1 berre fem minutt ut i kampen. Men bergensarane slo tilbake og snudde kampen i løpet av ti minutt.

Tertnes leia 11-7 til pause. I andre omgang slo Vipers hardt tilbake. Etter berre fire minutt spel var det Vipers som var tilbake i leiinga 12-11.

Utover i andre omgang auka Vipers avstanden og vann til slutt 27-22.

Dette var Vipers sin tredje siger over hordalendingane denne sesongen. Vipers har nemleg vunne begge seriekampane mot Tertnes.

Returmøtet i Bergen vert spelt 30. april. Vinnaren samanlagt går til semifinalen i sluttspelet i handball for kvinner.