21-åringen frå Osterøy klinka til med 61,72 på Sørlandet. Det er over VM-kravet på 61,40. Dermed skal hordalendingen representere Norge under London-VM til sommaren.
– Eg er ekstremt nøgd. Eg hadde eigentleg ikkje venta det i dag. Men eg fekk ut alt i første kast. Eg har ikkje ord, seier Borge.
– Ein draum
I 1999 deltok Trine Hattestad i sitt siste VM i Sevilla.
Sidan har Norge vore ein spydnasjon i «dvale» på kvinnesida.
– Det er kult. Eg føler spyd er ei norsk øving. Det er ekstremt gøy å få lov til å representere Norge, seier ho.
– Korleis blir det å stille til start i London?
– Det blir som ein draum. Eg hugsar berre då eg var liten og såg på. Det var liksom...dette ser berre rått ut å vere med på. Og no skal eg få lov til å vere med. Eg gler meg, seier ho.
Difor byrja ho med friidrett
Og Norge kan truleg takke ein sørlending for at det blir VM-deltaking på 21-åringen. For hennar store førebilete er Andreas Thorkildsen frå Kristiansand.
– Han har vist kor jækli kult spyd ser ut. Det er jo på grunn av han at eg byrja med spyd, seier Borge som til dagleg er lærarstudent ved Høgskulen i Bergen.
– Skulen er ekstremt flink til å legge opp til at eg kan reise på samlingar og stemne. Så det har gått veldig bra, seier ho.
Spydkastaren som seier ho har budd «heime hjå mamen og papen heile livet», kan nok oppleve meir merksemd framover.
– Så lenge det er positivt tykkjer eg det er gøy, ler ho.