Hopp til innhold

Folkehøgskule mot straumen

Folkehøgskulen Sørlandet på Birkeland opplever tidenes auke i elevtal. På landsbasis har åtte prosent færre takka ja til skuleplassar i år.

Folkehøgskolen Sørlandet

Folkehøgskolen Sørlandet opplever auka elevtal.

Foto: Folkehøgskolen Sørlandet

Folkehøgskulen på Birkeland har nemleg 20 prosent fleire elevar enn i fjor.

Rektor Gunnar Birkeland har ikkje eit klart svar på kvifor skulen er så populær.

– Det er umogleg å gi eit fasitsvar på det, men vi kan like tanken på at vi er gode, har godt omdømme og har gjort mykje bra på heimesida vår, seier han til NRK.

Birkeland fortel at dei har hatt spesielt fokus på nettstaden sin for å trekkje til seg elevar.

– Vi har hatt fokus på å stå fram som ein stad og eit hus der unge menneske kan tilbringe eit viktig år i sitt liv, seier han.

Agder folkehøgskole i Søgne opplever heller ikkje nedgang i elevtalet.

– Vi har nøyaktig like mange søkarar som i fjor, seier Reidar Nilsen ved skulen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %