– Vi ynskjer at det skal kunne gjennomførast ei folkeavstemming. Det ynskjer vi å gjennomføre i samband med stortingsvalet i 2013, seier ordførar i kommune, Bjørn Ropstad til NRK.no.
Departementet har allereie motteke ein felles søknad frå Lillesand, Iveland og Birkeland om overflytting til Vest-Agder. Men departementet er usikre på kva Evje- og Hornnes eigentleg vil.
Difor blir dei no bede om å gjere klart kva dei vil, før saka blir avgjort.
Ordføraren trur ikkje at dette vil bety utsettjing for dei tre andre kommunane.
I tillegg meiner han at det vil bli ei «grei skuring» for Evje- og Hornnes å byte fylke, dersom dei andre får ja på bakgrunn av folkeavstemmingane.
– Eg tippar det vil skje i samband med neste kommune- og fylkestingsval, seier han.