Hopp til innhold

Fleire pasientar skal delta i forsking

Pasientar på Sørlandet skal i større grad få prøve ut nye medisinar i kampen mot sjukdommar.

Sørlandet sykehus Kristiansand

Fleire pasientar skal delta i forsking ved Sørlandet sykehus.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

– Behandling er det aller viktigaste, men forsking for å prøve ut medisinar og utstyr er noko av det aller viktigaste vi gjer. Forsking er ei av dei fire hovudoppgåvene som sjukehuset har.

Det seier Øyvind Holme som er sjef for forsking ved Sørlandet sykehus.

Les også Gentest gjorde underverk – gir håp i kampen mot kreft

Gunn Kaya Glad

Akkurat no er det om lag 50 slike studium som held på ved Sørlandet sjukehus. 1800 pasientar deltar.

Målet er, ifølgje Holme, at pasientane skal få tilgang til den beste behandlinga.

– All klinisk forsking er basar på samtykke. Man får god informasjon på førehand og man må signere på at man har forstått det man skal delta i, seier han.

Overlege Øyvind Holme

Øyvind Holme er forskingssjef ved Sørlandet sjukehus.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Nye medisinar

I 2021 la regjeringa fram ein handlingsplan med mål om å doble antal kliniske studiar med pasientar involvert innan 2025.

Derfor skal Helse Sør-Øst auke slike studium med 15 prosent årleg.

Fordelen er, ifølgje Holme, at ein får prøve medisinar før dei kjem på marknaden. Dermed kan ein få tilgang til den nyaste behandlinga.

Korleis går desse kliniske studia føre seg?

– Dette er ofte medisinar ein ikkje veit effekten av. Difor må ein trekke lodd om ein får den nye medisinen eller det som kallast placebo-medisin. Ofte veit ikkje pasienten eller legen kva for medisin pasienten får. Det er viktig for at ein ikkje skal bli lurt til å tru at ein medisin er betre enn den er, forklarer Holme.

Innanfor kva for område blir det forska mest?

– Innanfor kreftbehandling så gjerast det mykje forsking. Da er medisinen i studiet også veldig viktig for pasientane det gjeld, seier Holme.

Les også Sjekkliste hjelper barn som har det vanskelig hjemme – spres til hele landet

Ambulansearbeider Charlotte Gresaker og akuttsykepleier Helene Heldal Tveit.

Etisk regelverk

All forsking som sjukehusa gjer må forhalde seg til loven om helseforsking og forskingsetikkloven.

Det er Den nasjonale forskingsetiske komité for medisin og helsefag som vurderer etiske spørsmål innafor medisinsk forsking.

Det er fleire grunner til at medisinar blir prøvd ut på ei avgrensa gruppe.

– Det er nettopp fordi man ikkje veit nok om tryggleik og effekt på pasientgruppa. Difor kan det i forskingssituasjonen berre givast til ei utvald gruppe pasientar, skriv leiar i komitéen Kari Milch Agledahl.

Men det er ikkje alltid at pasientane får noko utbytte sjølve.

Ofte har deltakarane i prosjektet ikkje direkte nytte av forskinga, men det kjem framtidige pasientar til nytte på grunn av utviklinga av trygg og effektiv behandling, skriv Agledahl.

En mann får satt vaksine som en del av en klinisk studie i utviklingen av en vaksine mot Covid-19 ved Washington Health Research Institute.

Ved å delta i forsking kan ein få tilgang til medisinar før dei kjem ut på marknaden.

Foto: Ted S. Warren / AP

– Positivt

Helsetilsynet ynskjer meir forsking ved sjukehusa velkommen.

Forsking gir helsepersonell grunnlag for å ta avgjersle som er godt fundert og som kan bidra til økt pasientsikkerheit. At kliniske studiar ved sjukehusa aukast er positivt, seier direktør Sjur Lehmann.

Det kan ta lang tid frå gjennomført studium til eit medikament blir godkjent for sal.

– I tillegg til gode resultat ser ein på kostnader, effektar og biverknader. Dette kan ta fleire år. Vi forskar for pasientane ikkje dei, seier forskingssjefen ved Sørlandet sjukehus Øyvind Holme.

Les også Gonoréhopp over hele landet: – Kan gi kroniske smerter

Sykepleierne på "Test deg" i Kristiansand opplever en femdobling i gonore-tilfeller på ett år.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %