Hopp til innhold

Fekk personleg brev frå utanriksministeren om Kongo-saka

Foreldra til Tjostolv Moland fekk eit personleg brev frå utanriksminister Espen Barth Eide om Kongo-saka. Men mora til Moland trur ikkje på ei snarleg løysing i saka.

Mathilde Moland og Espen Barth Eide

FEKK BREV: Mathilde Moland og Knut Moland, foreldra til Tjostolv, fekk eit personleg brev frå utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Leif Dalen/NRK - Eduardo Munoz/Reuters

– Det var eigentleg eit brev som oppsummerer kva som er gjort så langt, seier Mathilde Moland til NRK.no.

Familien fekk brevet, underskrive av utanriksministeren, for tre dagar sidan i posten.

Tre år i Kongo

– Det seier ingenting om vidare framdrift i saka. Kva som skjer vidare er heilt i det blå. Det er hyggjeleg å få brev, men kor mykje tyngde det er i det er eg usikker på, seier ho.

Tjostolv Moland og Joshua French har site fengsla i Kongo i over tre år. Dei to er dømde til døden for drapet på sjåføren Abedi Kasongo, spionasje, væpna ran og forsøk på å danne eit kriminelt forbund.

I brevet nemner Barth Eide blant anna eit møte med den kongolesiske utanriksministeren i New York.

Samstundes forsikrar han om at utanriksdepartementet og han sjølv vil jobbe for ei løysing. Det inneber utlevering av dei to nordmennene til Norge.

Mathilde Moland har akkurat møtt sin sønn i fengselt i Kisangani.

KONGO-BESØK: Mathilde Moland besøkte Tjostolv Moland og Joshua French i fengselet i Kongo for ei tid tilbake.

Foto: Kristian Aanensen / NRK

Tek saka opp i Stortinget

Tidlegare fredag sa stortingsrepresentant Svein Harberg (H) at han vil ta saka opp i Stortinget. Det er Moland glad for.

– Det er på tide at også opposisjonen kjem på bana. Så det er veldig positivt, seier Mathilde Moland.

Ho snakka med sonen Tjostolv sist søndag. Etter forholda skal det stå bra til med dei to dødsdømde nordmennene.

– Dei har sin dagsrytme. Så lenge dei har eit håp om at det skal ordne seg, så har også vi det. Vi kan ikkje gi opp, seier ho.

Moland og French får levert mat tre gonger i veka til fengselscella dei sit i, men pengane er i ferd med å ta slutt. Familiane til dei to har teke opp lån for at dei to skal få mat.

UD håpar på løysing

I eit intervju med NRK.no tidlegare fredag seier UD at dei framleis jobbar med å få dei to nordmennene utlevert til Norge.

– Vi held fram med å jobbe med saka langs fleire spor, så håpar vi at det vil gi ei løysing snarast mogleg, sa pressekontakt Kjetil Elsebutangen.

Kva UD gjer konkret ville ikkje Elsebutangen gå inn på. Mathilde Moland har ikkje tru på at situasjonen løyser seg med det første.

– Eg har inga tru på at dei er heime til jul. Men vi gir ikkje opp, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %