Hopp til innhold

Fare for flaum på Sørlandet - ber folk førebu seg

Det er fare for lokal flaum langs store delar av Sørlandskysten frå i ettermiddag.

Venter mye nedbør de neste dagene
Foto: Meteorologisk institutt

Mykje nedbør og snøsmelting kan føre til lokal flaum og overvatn fleire stader langs kysten av Sørlandet i dag.

Det melder Noregs vassdrags- og energidirektorat som har sendt ut varsel på gult nivå.

Folk må førebu seg

Folk blir anbefalt å reinse stikkrenner, kummar og andre vassvegar slik at vatnet kan renne uhindra forbi.

– Det er flaumvarsel på gult nivå. Det er fordi det vil komme ein god del nedbør over fleire dagar, i tillegg til at det ligg ein god del snø fleire stader som vil smelte.

Det seier hydrolog Elin Langsholt ved Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Bør folk foreta seg noko?

– Dersom ein har sjanse til å reinske opp litt i dreneringsløp og der vatnet skal renne så er det bra, seier Langsholt.

Våt jakke

Denne jakka hang ein kollega ut til lufting. Det tek nok nokre dagar før den blir tørr igjen.

Foto: Miriam Grov / NRK

Mykje regn

– Det blir nokre våte døgn framover både i dag og i morgon, seier statsmeteorolog Siri Wiberg.

Mest nedbør er det venta i ytre, sørlege strok.

– Nedbøren kjem som snø i fjellet over 500–700 meter, men der blir det ikkje dei store mengdene, seier Wiberg.

Siri Wiberg

Meteorolog Siri Wiberg kan ikkje love opphaldsver med det fyrste.

Foto: Signe Karin Hotvedt, NRK

Ein god del vind

I tillegg til mykje nedbør fram mot helga bles det også godt langs kysten.

– Vinden kjem opp i frisk bris til liten kuling og i morgon vil den ta seg opp i austlege område, seier Wiberg.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 07 0,63 kr
Dyrest kl. 22 1,5 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %