Hopp til innhold

Fann «svevande» stein på 12 000 år

På Ljosland i Åseral kan du få deg eit spektakulært syn: Ein svevande stein som er 12 000 år gammal.

Stein i Åseral

Denne steinen har stått stødig på Ljosland i Åseral dei siste 12 000 åra. Sjølve steinsorten er ein milliard år gammal.

Foto: Mogens Eskesen

Då Mogens Eskesen og kona var på tur på Ljosland i Åseral i byrjinga av oktober, såg dei noko utanom det vanlege. Ein stor stein nærast svevde over bakken, med hjelp av støtte frå tre mindre steinar.

– Vi tok bilete og syntest den var morosam. Vi har aldri sett den før, sjølv om vi har gått den stien fleire gonger. Eg har heller ikkje høyrt om andre som har sett den.

Svevande stein i Åseral

Steinen er trygg å stå på trass dei store størrelsesforskjellane. Her står Merete Aa. Eskesen på den.

Foto: Mogens Eskesen

Eskesen trur ikkje det er gutestrekar som har gjort at steinen har hamna der.

– Eg vil tru den har låge der sidan istida.

– Fantastisk artig!

Og det har han rett i.

Ole Fridtjof Frigstad er pensjonert geolog og har tidlegare arbeida på Agder Naturmuseum. Han synest bileta av den svevande steinen er spektakulære.

– Dette er fantastisk flott!

Han fortel at grunnen til at steinen har hamna der er fordi naturen har gått sin gang.

– Det er isen under istida som med fleire hundre meter tjukke isbrear har med seg mykje stein som den har rive laus.

Unormalt høgt oppe

Frigstad seier han synest det er spesielt at steinen har hamna så høgt opp.

Ole Fritjof Frigstad

Tidlegare geolog Ole Fritjof Frigstad synest steinen var eit oppsiktsvekkande syn.

Foto: Vest-Agder Fylkeskommune

– Det er underleg at det her på ein høg fjelltopp ligg ein stein som isbreen har frakta med seg. Det er litt uvanleg, for normalt ville desse steinane lagt seg i dalbotnen der isen fraktar dei ned.

Dei tre mindre steinane som ligg under er også spesielt, ifølgje Frigstad. Han reknar at steinen er på fleire tonn.

Overnaturlege krefter

Ofte når folk ser slike så undrast dei om det er unaturlege krefter eller vesen som har flytta på dei. Frigstad heller likevel mot den naturlege forklaringa.

– Isen smelta ned her for 12 000 år sidan, så dette har skjedd heilt på slutten av isen si avsmelting.

Åseral har granitt i sitt store område. Frigstad fortel at sjølve steinsorten er ingenting mindre enn ein milliard år gammal.

Ljosland i Åseral

På fjelltoppen kan ein skimte fleire store steinar som har blitt plassert der av isbrear, men Mogens Eskesen og kona fann berre ein som var svevande.

Foto: Mogens Eskesen

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %