Hopp til innhold

Endeleg tilbake etter skademareritt

Islandske Einar Ingi Hrafnsson sat på tribunen då ØIF Arendal vann både serie- og cupgull førre sesong. No er han endeleg tilbake på bana.

Einar Ingi Hrafnsson, ØIF Arendal

Einar Ingi Hrafnsson er tilbake på bana for ØIF Arendal.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg klarer ikkje å setje ord på kor herleg det er å vere tilbake. Det har vore ein sjukt lang periode med kjedeleg opptrening, seier strekspelaren til NRK.

Det var i desember i fjor at islendingen pådrog seg ein alvorleg skade i skuldra. Åtte månader seinare er han endeleg skadefri.

Tøff bortekamp

Førre helg gjorde han comeback då han fekk speletid i cupsigeren borte mot Nærbø.

Denne helga er han med i kamptroppen som skal møte Halden på bortebane i 2. serierunde i eliteserien.

– Det er ein av dei vanskelegaste bortekampane i løpet av sesongen. Dei har eit sinnssjukt bra lag som vi må ta seriøst. Dei kjem til å køyre på og vi må vere til stades frå første minutt, seier Hrafnsson.

Skulderskaden gjorde at islendingen gjekk glipp av både serie- og cupgull i fjor. Han fekk medalje i begge turneringar, men fekk ikkje spele dei viktige og avgjerande kampane.

ØIF Arendal cupmester

Einar Ingi Hranfsson deltok på cupfesten då laget vann cupfinalen i desember i fjor. Du ser Hrafnsson så vidt bakarst til venstre i bilete.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Håpar på nye gull

– Det var sjølvsagt gøy å sjå at laget gjorde det godt. Men samstundes var det tungt å sitte på tribunen, seier han.

– Når er du tilbake i toppform?

– Det er vanskeleg å seie. Det vil nok ta litt tid. Eg må vere litt forsiktig og ikkje haste meg tilbake, seier han.

No håpar han på at laget kan kopiere fjorårets suksess denne sesongen.

– Eg håpar vi kan kjempe om gull i alle turneringar vi er med i. Det meiner eg vi er gode nok til, seier han.

Arendalittane vann første serierunde mot Stord.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %