Hopp til innhold

Ektepar har gitt ut ungdomsbok: – Ein fiktiv versjon av Flekkerøya

Erfaringar frå eigen oppvekst kombinert med utfordringar dagens ungdom står i, har blitt til boka «Avtrykk fra en glassmanet». Bak står eit ektepar frå Kristiansand.

Ektepar med bok

Eli Renate By Sørensen og ektemannen Tommy Sørensen har samarbeidd om boka «Avtrykk frå ei glasmanet».

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

– I ungdomstida skjer det mykje. Det er mange kjensler og utfordringar, og særleg nå med sosiale medium, som vi foreldre kanskje ikkje alltid har like mykje innsyn i.

Det seier Eli Renate By Sørensen, som saman med mannen sin Tommy Sørensen har skrive boka «Avtrykk fra en glassmanet».

Ho har skrive. Han har laga illustrasjonane.

Eli fortel at boka handlar om ei 15 år gammal jente som heiter Eurelia, som betyr glasmanet på latin.

– Ho observerer mykje urettferd på skolen og bestemmer seg for å ta tak i det ved å måle graffiti på vegger. I starten er det mange som elskar det, men så drar ho det litt for langt og det får ganske store konsekvensar for både henne sjølv og dei rundt.

Ho fortel at noko av boka handlar om korleis eit bilde som blir delt på internett kan bli spreidd til tusenvis på veldig kort tid.

Ektepar bok

Ifølge ekteparet er boka ein spenningsroman.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

Fekk hjelp av ungdommane heime

Samarbeidet mellom ekteparet skal stort sett ha fungert bra.

– For det meste så har det vore veldig koseleg, men det har jo også vore utfordrande til tider, seier Eli.

Har det blitt nokon diskusjonar rundt kjøkkenbordet?

– Ja, og han synest nok eg til tider har vore ein litt streng oppdragsgivar, seier Eli.

Ho påpeikar at det er veldig fint å ha ein i same hus som driv med det same og som skjønner kva ho snakkar om.

Ekteparet har sjølv to ungdommar, og dei har blitt brukte som «konsulentar».

– Vi har fått eit par himlingar med auga, men dei har faktisk vore ein stor ressurs for oss, seier Tommy.

Ektepar bok

Både Eli og Tommy er illustratørar, men det er Tommy som har ført pennen denne gongen.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

Fiktiv versjon av Flekkerøya

Ideen om boka blei til på ein tur i Oslo, men handlinga er lagt til ein stad Tommy kjenne godt frå oppveksten.

– Det er ein fiktiv versjon av Flekkerøya, seier han.

Tommys erfaringar med graffiti i ungdomsåra har også blitt ein vesentleg del.

Eli har skrive bok tidlegare. I 2022 tok ho med romanen «Ubetydelig, men redd» andreplassen i kategorien barn og ungdom i Årets ulest, ein litteraturpris som blir delt ut av nettbokhandelen Bookis.

Ho seier ho brenn for å få opp leselysta til dei unge.

Ho fortel at det i fjor var ei halvering i talet på ungdomsbøker som blei gitt ut. Det synest ho er synd.

Les også Tester lesehund i barneskolen: – Jeg har blitt bedre til å lese

Lesehunden Freia

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 07 0,63 kr
Dyrest kl. 22 1,5 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 3,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,8 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %