Eks-politimann frifunne
Agder lagmannsrett har einstemmig frifunne ein politimann for vald og grovt brot på tenesteplikta, skriv fvn.no. 58-åringen, som no er pensjonert, var tiltalt for å ha gått til åtak på ein narkotikasikta mann under eit avhøyr. Han nekta for å ha gjort noko straffbart. I tingretten vart mannen dømd til 24 dagars betinga fengsel og 20.000 kroner i bot.