NRK Meny
Normal

Ein thriller av ei avslutning

Det ligg an til å bli ei spennande siste serierunde i eliteserien i handball for kvinner, etter Vipers Kristiansand sin siger mot Storhamar.

Michelle Brandstrup, Vipers Kristiansand

TOPPSCORAR: Danske Michelle Brandstrup vart toppscorar i oppgjeret mot Storhamar med åtte mål.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Vipers Kristiansand slo Storhamar i kveldens kamp 29-23. Dermed klatra kristiansandarane opp til 8. plass, som gjev plass i sluttspelet, sidan Levanger kun klarte uavgjort 24-24 heime mot Tertnes.

Dersom Levanger tek poeng i siste serierunde borte mot Stabæk må også Vipers Kristiansand ta poeng borte mot Byåsen.

Vinknes: – Tøft

– Det er nok større sjanse for at Levanger slår Stabæk enn at vi slår Byåsen, men Stabæk er eit godt lag, og Levanger skal få trøbbel der, seier Vipers-trenar Peder Langfeldt til NRK.

I fjor kom Vipers Kristiansand på 2. plass i sluttspelet, etter å ha tapt finalen mot Larvik. Veteran Helene Vinknes veit at laget vil få det knalltøft i borteoppgjeret mot Byåsen.

– Vi har eit tøffare utgangspunkt, men vi må ikkje spare på noko i siste kamp. Vi må spele alt det vi er gode for. Vi må ta med oss opplevinga vi hadde i dag, seier Vinknes.

Nøgd Langfeldt

For i dag hadde jentene i rosa mykje å gle seg over. Laget slo Storhamar som ligg på tredjeplass før siste serierunde.

– Vi viser at vi har eit potensial, men vi må bli mykje meir stabile. Vi vann greit og det var veldig deilig etter at vi har hatt litt marginar imot, seier Peder Langfeldt.

Siste serierunde går neste onsdag klokka 18.00.

Terminliste Vipers Kristiansand 09/10

Terminliste Vipers Kristiansand 09/10

1. Vipers Kristiansand - Tertnes

25-26

2. Levanger - Vipers Kristiansand

23-20

3. Vipers Kristiansand - Gjøvik og Vardal

23-16

4. Vipers Kristiansand - Njård

21-22

5. Gjerpen - Vipers Kristiansand

18-29

6. Vipers Kristiansand - Larvik

18-31

7. Selbu - Vipers Kristiansand

26-20

8. Vipers Kristiansand - Nordstrand

22-27

9. Vipers Kristiansand - Stabæk

22-22

10. Storhamar - Vipers Kristiansand

36-33

11. Vipers Kristiansand - Byåsen

18-31

12. Tertnes - Vipers Kristiansand

25-23

13. Vipers Kristiansand - Levanger

26-20

14. Gjøvik og Vardal - Vipers Kristiansand

19-20

15. Njård - Vipers Kristiansand

17-32

16. Vipers Kristiansand - Selbu

28-18

17. Larvik - Vipers Kristiansand

43-26

18. Vipers Kristiansand - Gjerpen

25-16

19. Nordstrand - Vipers Kristiansand

35-30

20. Stabæk - Vipers Kristiansand

27-26

21. Vipers Kristiansand - Storhamar

29-23

22. Byåsen - Vipers Kristiansand

14.04.10