– Eg tykkjer Morrow har eit veldig godt konsept, men samstundes verkar det ganske risikofylt. Spørsmålet er om Å Energi og eigarkommunane i Agder skal vere drivarane og eigarane av dette konseptet.
Det seier ordførar i Lillesand Einar Holmer-Hoven (H) etter måndagens eigarmøte i Å energi, der administrerande direktør i Morrow Batteries var til stades.
Holmer-Hoven var ein av fleire ordførarar i Agder som nytta høve til å stille spørsmål.
Han meiner investeringar i Morrows Batteries per no er ganske risikofylt.
– Det kan sjølvsagt lønne seg, men eg trur vi må tenkje oss litt om dersom vi skal gå inn med veldig mykje meir pengar.
Alle kommunane i Agder har eigardelar i Å Energi, som igjen eig omtrent halvparten av Morrow Batteries.
Ordførar i Lillesand Einar Holmer-Hoven (H).
Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK– Planen er å bygge fabrikk i Arendal
I førre veke vart det kjend at batteriselskapet Freyr set batterisatsinga si i Nord-Noreg på pause.
Selskapet strupar investeringane i Mo i Rana, og ser i staden mot Georgia i USA – lokka av amerikanarane si gigantiske investeringspakke Inflation Reduction Act (IRA).
Ifølgje administrerande direktør i Morrow Batteries Lars Christian Bacher, planlegg ikkje dei å gjere det same.
– Vi er godt i gang med å utvikle Morrow Batteries og planen vår er å byggje fabrikk i Arendal, seier han.
Måndag var det eigarmøte i Å energi, der administrerande direktør i Morrow Batteries Lars Christian Bacher var til stades.
Foto: Svein Sundsdal / NRKStilte spørsmål om investeringar
Så langt har Å Energi investert omtrent éin milliard i batterifabrikken.
Fædrelandsvennen har tidlegare skrive at fleire ordførarar i kraftselskapet sine eigarkommunar tykkjer det vert brukt for mykje pengar på dette.
På måndagens møte fekk ordførarane lufte tankar og stille spørsmål, noko lillesandsordførar Holmer-Hoven nytta seg av.
– Eg tenkjer at jo meir ein har investert i dette, jo meir kjenner ein seg forplikta til å investere vidare. For viss ein ikkje investerer vidare, så går ein konkurs for eksempel, sa han under sjølve møtet.
Han spurte også styreleiar i Å Energi Maria Moræus Hanssen mellom anna om kor mykje styret kan satse utan å avklare med eigarane.
– Kan styret investere kanskje 3–4 milliardar til berre basert på at eigarane har sagt at det skal styrast etter forretningsmessige prinsipp?
– Eg trur eg kan forsikre eigarane om at det blir ikkje investert 3–4 milliardar kroner i Morrow Batteries utan at de er i dialog med styret ein gong til, svarte Moræus Hanssen.
Ho la til at styret berre kan halde seg til instruksar frå eigarane.
– Dersom eigarane ynskjer å samle seg rundt ein tydeleg instruks kva gjeld investeringane i Morrow, så kan ikkje eg som styreleiar hindre dei i å gjere det, sa ho.
– Felles middel og mykje pengar
Når Holmer-Hoven skal summere opp eigarmøtet måndag, seier han at han tykkjer han fekk god informasjon frå Morrow Batteries, men at han ikkje tykkjer risikovurderinga dei fekk var like god.
– Eg sat ikkje att med ei tryggande kjensle, seier han.
Ordførar i Risør Kai Strat (H), tykkjer Morrow sin presentasjon var positiv, men seier at det er mange uklare spørsmål.
Han opplever at det framleis er ein del uvisse i prosjektet.
– Ut frå det vi har fått vite frå Mo i Rana, trur eg vi no må balansere og tenke gjennom korleis vi skal bruke pengane. For dette er felles middel og det er mykje pengar, seier Strat.
Han legg til at han tykkjer det er eit spennande prosjekt og at dei heiar på det.
Ordførar i Arendal Robert Cornels Nordli (Ap), seier han opplevde at ein fekk ei større forståing for kvifor Morrow Batteries har gjort det dei har gjort til no, men seier ein må komme tilbake til føresetnadene for å investere meir i selskapet.
Ordførar i Risør Kai Strat (H).
Foto: Svein Sundsdal / NRK