Hopp til innhold

Dømd til 13 års fengsel for drap

21-åringen som knivstakk og drap ekskjærasten Cansel Godek i oktober fjor, er dømd til 13 års fengsel, skriv Fædrelandsvennen. Mannen må også betale 350.000 kroner i erstatning til Godek si dotter, og 200.000 til kvar av foreldra hennar.

Rettssaka mot 21-åringen starta i oktober. Godek vart knivstukke 14 gonger, og døydde av skadane. Ein månad før drapet, skal Godek ha bedt om eit besøksforbod mot ekskjærasten, etter at ho skal ha fått fleire drapstruslar frå han.