Hopp til innhold

Dette bør du tenkje på før du fyrer opp bålet

Brannvesenet i Agder har rykke ut til fleire krattbrannar den siste tida. No ber dei påsketuristar ta atterhald før dei fyrer opp pølsebålet.

Tor Magne Nilsen

Bål- eller bråtebrenning kan føre til krattbrann. Her i Kvinesdal ved ei tidlegare anledning. Arkivbilete.

Foto: Tor Magne Nilsen / Brannvesenet

Medan sørlendingar har nytt godt av det gode været den siste tida, har det budd på fleire utrykkingar for brannvesenet.

Brannsjef i Østre Agder, Dag Svindseth, seier spreidningsfaren er stor i desse tider.

– Det er ei auka brannfare i den perioden vi går inn i no når det tørkar opp, før det byrjar å spire. Det er mykje tørt i overflata og det kan fort spreie seg, men det går ikkje så djupt.

Spreier seg fort

Vakthavande brannsjef i Østre Agder Brannvesen, Petter Vinje Svendsen, seier dei har vore ute på fleire oppdrag den siste tida.

Hovudsakleg handlar det om krattbrannar eller bråtebrann som har kome ut av kontroll.

– Det er ofte pølsebål eller andre bål, eller nokon som skal brenne litt bråte og så mistar dei kontrollen. Det er veldig mykje tørt gras frå i fjor haust som gjer at brannen brer seg fortare enn det dei som brenner bål kan tenkjer seg.

Svendsen oppfordrar folk til å vere varsame om ein skal brenne bråte den komande tida.

– Det viktigaste er å ta forholdsreglar sjølv, å ha slukkemidlar og gjerne ein hageslange i nærleiken viss det er nærme hus, eller ha raker eller skogbrannsmekkere.

Petter Vinje Svendsen

Vakthavande brannsjef i Østre Agder Brannvesen, Petter Vinje Svendsen, oppfordrar folk til å vere varsame om dei skal brenne bål i desse tider.

Foto: Miriam Grov / NRK

– Vis aktsomheit

Har du derimot tenkt å fyre opp eit bål i det fri for å grille påskepølsene, er det også nokre forholdsreglar du bør ta.

– Bruk gjerne dei vanlege bålplassane. Viss ein finn ein ny bålplass må ein vere sikker på at ein får sløkt bålet godt før ein forlèt det, seier Svendsen.

Brannsjef Dag Svindseth oppfordrar påskefolket til å tenkje seg om før ein fyrer opp.

– Det er alltids ein brannfare når ein fyrer opp ute. Vi ber folk om å vere aktsame, og tenkje seg om to gonger før dei fyrer opp. Ein må ha slukkemoglegheiter tilgjengeleg, anten ved å vere i nærleiken av vatn eller å ha med seg vatn sjølv.

Fryktar ikkje skogbrann

– Førebels er det så fuktig i skogen at det vil nok ikkje bli nokon skogbrann av det, seier Svendsen.

Men viss ein skal brenne bål eller bråte, bør ein gjere det før det blir mørkt.

– Vi ønskjer at alle bål og bråtebrenning sløkkast når det blir mørkt slik at det ikkje er nokon som ser flammar på avstand og trur at det er ein brann.

Han fortel dei frå tid til annan får meldingar der folk til dømes trur eit bål er ein husbrann.

– Det er ikkje så godt å skilje på avstand. Då rykker vi ut, og det følast unødvendig. Det som er det største problemet er at det kan vere ei hending samtidig som vi blir forsinka til fordi vi rykkjer ut til ein falsk alarm.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %