Hopp til innhold

Fleire kommunar vurderer forbod mot desse

Fleire kommunar forbyr gassballongar 17. mai. – Symbolsk viktig og riktig, seier politikar.

Ballonger

Fleire kommunar vil forby gassballongar 17. mai.

Foto: Rainer Prang / NRK

– Helium er ein avgrensa ressurs, og det er ingen tvil om at gassballongsalet 17. mai er ei økonomisk belasting for barnefamiliar. Det er ikkje eit produkt som er riktig i tida, seier Kristoffer Lyngvi-Østerhus (H) til NRK.

Kristoffer Lyngvi-Østerhus

Kristoffer Lyngvi-Østerhus vil nekte folk å kjøpe gassballongar 17. mai.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Det politiske fleirtalet i Arendal vil forby eller avgrense salet av gassballongar. Men politikarane vil hente inn meir informasjon før dei gjer eit endeleg vedtak.

– Symbolsk viktig

– Vi har alle sett kvalen som åt 30 plastposar. Her fyk ballongane opp i lufta. Alle ser det. Eg er utruleg glad for at det er tverrpolitisk einigheit i at dette er fortida, og Arendal er framtida som ein miljøby, seier Lyngvi.

– Heliumballongar er kanskje lite i det store bilete, men det er ein symbolsk viktig og riktig veg å gå, seier Anniken Solfjeld Pedersen (Ap).

Berre timar etter formannskapsmøtet i Arendal, kom tilsvarande melding frå kristiansandspolitikarane. By- og miljøutvalet vil forby gassballongar 17. mai.

– Eigentleg vart eg litt overraska over at det er mogleg å forby desse ballongane allereie i år, så tett opp under nasjonaldagen. Min intensjon var eit forbod frå neste år. Men ingenting er betre enn eit nei no og for alle nasjonaldagar seinare, seier Petter Benestad (V) til Fædrelandsvennen.

Fleire kommunar vurderer forbod

Dei to sørlandskommunane er ikkje dei einaste som vil innføre eit slikt forbod. Onsdag vart det kjent at 17. mai-komiteen i Skien og Porsgrunn vil ha forbod mot ballongane.

– Vi ynskjer ikkje å bidra til at dyra våre skal lide og naturen forsøplast fordi vi feiarar vår fridom og vårt demokrati, skreiv 17. mai-komiteen på Skien kommunen sine nettsider.

Stortingsrepresentant Bård Hoksrud (Frp) er kritisk til ballong-nekt.

– Vi kan ikkje innføre forbod kvar gong nokon ikkje likar noko. I staden for å innføre forbod kan vi heller prøve å sjå korleis ein kan gjere noko med det utan at det skal bli forbode, seier han.

Bård Hoksrud (Frp)

Stortingsrepresentant Bård Hoksrud (Frp) er kritisk til forbod mot gassballongar.

Foto: Siv Sandvik / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %