Hopp til innhold

Brukte feil «kode» - kommune betalte ut 17 millionar for mykje i løn

Ein feil i lønnssystemet til Kristiansand kommune har ført til at tilsette har fått til saman 17 millionar kroner for mykje i løn dei siste tre åra.

Kommunedirektør Camilla Dunsæd i Kristiansand

Over 2000 tilsette i Kristiansand har fått utbetalt for mykje løn. Men dei tilsette slepp å betale tilbake det dei har fått for mykje.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Det har blitt brukt feil kode i lønnssystemet, seier kommunedirektør i Kristiansand, Camilla Dunsæd til NRK.

Feilen vart oppdaga 2. november og viser at 2338 tilsette i helse og meistring har fått utbetalt for mykje i tillegg dei siste tre åra.

I snitt betyr det litt over 7200 kroner kroner for mykje utbetalt per person i løpet av tre år.

Feilen vart oppdaga av ein avdelingsleiar.

Les også Ber ordføreren være tøffere etter bystyrekrangel: – Flaut for Kristiansand

Jan Oddvar Skisland

Slepp å betale tilbake

Kommunen understrekar at dei ikkje kjem til å krevje pengane tilbake.

– Det vil vere ein ganske stor jobb å krevje inn, og det er arbeidsgjevar sitt ansvar å sørge for at løna blir riktig utbetalt, seier ho.

Kommunen meiner også at tilsette ikkje hadde hatt realistisk moglegheit til å oppdage feilen. Det var ikkje synleg på lønnsslippen.

Kommunen meiner at feilen oppstod i samband med koronapandemien då tillegg vart endra fleire gonger.

– Beløpet er ikkje veldig stort per tilsette, og det fordeler seg over tre år. Men samla sett blir det eit betydeleg beløp, seier Dunsæd.

Korleis er det mogleg?

– Ja, det kan ein lure på. Vi skal i etterkant gå gjennom rutinane for å sikre at det ikkje skjer igjen, og at vi har god kontroll på at det blir brukt riktige kodar i lønssystemet, seier ho.

Les også Ordfører ble kalt evneveik - nå vil han ha slutt på hets og sjikane

Jan Oddvar Skisland

Vil sikre rutinane

NRK har snakka med fleire politikarar onsdag. Ingen vil førebels kommentere saka og viser til at dei veit for lite om kva som har skjedd.

Kommunedirektøren meiner dei har lært av dette.

– Vi lærer at vi kan gjere feil. No må vi sørge for at vi har endå tryggare rutinar framover, for å unngå at slikt kan skje igjen, seier Dunsæd.

– Feilen er sterkt å beklage. Dette er pengar som kommunen gjennom de siste tre årene kunne brukt på andre tiltak, seier kommunedirektør Camilla Dunsæd.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,64 kr
Dyrest kl. 02 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %